Facebook strevar med å forstå tenåringane

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Facebook forstår ikkje humor

Mens Facebook er gratis å bruke, hentar nettsamfunnet inntektene sine frå reklame som er skreddartilpassa brukarane ut frå det dei avslører om seg sjølve. Men no har forskingsinstituttet Pew Internet funne ut at metoden fungerer dårleg blant tenåringane ettersom dei med overlegg skjuler kva dei faktisk snakkar om ved å bruke kodespråk og bilete, skriv nettavisa MIT Technology Review.

Pew fann at 58 prosent av tenåringane bruker slik intern humor og tildekte referansar for å skjule kva dei eigentleg seier for foreldre og andre vaksne. Og dei eldre tenåringane driv denne avleiingsteknikken – på fagspråket kalla sosial steganografi – lenger enn dei yngre.

LES OGSÅ: Vi er skapt til å hugse Facebook-oppdateringar

– Denne teknikken breier seg verkeleg ein masse, så eg synest det er bra at Pew har klart å talfeste det. Og etter kvart som Instagram veks, ser eg meir og meir av det. Eit bilete av ein smultring treng ikkje handle om ein smultring, skriv Microsoft-forskaren Danah Boyd i ein kommentar til Pew-undersøkinga.

Dermed kan ein målretta smultring-annonse i mange tilfelle vere eit direkte bomskot. Skal Facebook komme nokon veg, må dei truleg lage program som kan tyde tenåringskodane, trur MIT Technology Review. (©NPK)