Facebook bruker skuggedata

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Førre veke innrømde Facebook at dei hadde offentleggjort privat informasjon om seks millionar medlemmar – ved eit uhell. Uhellet kan ha ført til at folk sine private telefonnummer og epostadresser har hamna på avvegar, skriv LiveScience.

Ekstra informasjon
Feilen skal ha skjedd personar som har lasta ned sitt Facebook-arkiv via Download Your Information-verktyet til nettsida. Desse fekk då i tillegg med informasjon om andre medlemmar av nettsamfunnet enn den medlemmane sjølv har valt å leggje ut.

Feilen kan mellom anna skje når ein bruker Facebook på sin iPhone. I vilkåra for Facebook-appen sikrar nettstaden seg retten til å laste opp kontaktlista frå telefonen til Facebook sine serverar. Det inneber at også telefonnummer som ikkje er lista i offentlege register vert lasta opp. Ved hjelp av anna informasjon på Facebook, kan nettstaden kople informasjonen med brukarane av nettsamfunnet.

LES OGSÅ: Mange unge er avhengige av Facebook

Har du til dømes lagra ein ven sitt hemmelege telefonnummer på iPhonen, kan altså dette bli knytt til venen din via Facebook. Personar som lastar ned Facebook-arkivet sitt og ved ein feil får med andre sin informasjon, kan då også få tilgang til din ven sitt private telefonnummer.

Skuggedata
Ifølgje LiveScience stadfesta uhellet mistankar om at Facebook lagrar såkalla skuggedata. Det vil seie at selskapet ikkje berre brukar informasjon som medlemmane sjølv har gitt, men i tillegg samlar informasjon som andre medlem har gitt, for å byggje opp ein fullast mogleg profil kring kvart medlem.

I tillegg hevdar LiveScience at feilgrepet støttar mistankane om at Facebook lagar “skuggeprofilar” av folk som ikkje er medlem, ved hjelp av informasjon frå folk som allereie er brukar av nettsamfunnet. Desse mistankane er ikkje stadfesta.

LES OGSÅ: – USA overvakar sosial medium