Etterlatne etter Utøya slit framleis

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ny rapport om Utøya-etterlatne

Med i undersøkinga er 67 foreldre, 36 søsken, 2 partnarar og 77 venner som mista nokon i massakren 22. juli 2011. Dette er den første av tre undersøkingar, og forskarane henta inn svara i januar, eitt og eit halv år etter terrorangrepet.

LES OGSÅ: Ingen pengar til 22. juli tiltak

Angst og sjukemeldingar
Tre firedelar av dei spurde svarte at dei framleis strever med sorga. Rundt halvparten fortel om sterke posttraumatiske stressreaksjonar, særleg i form av påtrengjande tankar og minne om det som skjedde.

Foreldra slit aller mest med angst, depresjon og søvnvanskar (80 prosent). Nesten 70 prosent av dei har vore sjukmelde, og halvtanna år etter terroren var 30 prosent av dei framleis ikkje i arbeid.

LES OGSÅ: Venner og kjærastar av 22. juli-offera kan ha blitt oversett

Vener fekk ikkje hjelp
Dei aller fleste har fått hjelp frå det offentlege på ein eller annan måte, men slett ikkje alle høyrde frå kontaktpersonen som kommunane skulle sørgje for etter angrepet. To tredelar av foreldra og halvparten av søskena oppgav at dei hadde fått hjelp via ein kontaktperson, mens vennene deira ikkje fekk dette tilbodet.

Den neste undersøkinga skjer i oktober/november i år, mens den tredje og siste delen skal gjennomførast i oktober/november neste år.