Etterforskar Stortinget

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Berre dagar etter at Eirin Sund (Ap) sa til ein oljekonferanse i Sandefjord at varig vern av Lofoten og Vesterålen ikkje kjem på tale, innleia Changemaker oljeveka si måndag.
Innanfor sperringer ved Stortinget leitte ei gruppe med “kriminalteknikarar” etter spor som kunne seia noko om kven som er ansvarlege for norges oljeavhengigheit og klimautslippa som han fører til.

Bryt med stortingsvedtak
Changemaker viser til at Stortinget vedtok i 1974 at ein skulle ha ein moderat utvinningspolitikk i Noreg. Det skulle vera eit tak på 90 millionar oljeekvivalenter i året. I 2004 tok me opp 221 millionar tonn. Over dobbelt så mykje.
Ifølgje ein studie frå Potsdam-instituttet i Tyskland må verda la tre fjerdedelar av dei kjende fossile ressursane liggja dersom snitt-temperaturen ikkje skal auka meir enn to grader i verda.

– Me har ansvar for desse utsleppa sjølv om dei ikkje føregår innanfor grensene våre. Det er me som tener pengar på klimaendringane, sa leiar i Changemaker, Markus Nilsen.

Avhøyr
Nilsen kalla ut stortingsrepresentant Kjell Ingolf Ropstad (KrF) til ”avhøyr”.  Han svarte på tiltale og erkjende at han og dei som sit på Stortinget har eit ansvar for politiske avgjerder som blir gjort i Noreg.

– På mine vegne vil eg gjerne byrje med å seie unnskyld, starta Ropstad forsvarstalen sin og fortsette:

– Stortinget har veldig mange gode, flinke og ansvarlege politikarar, men av og til kan me ha tatt avgjersler der me ikkje har sett konsekvensane av det vi har avgjort.

– Når me tek avgjersler om oljeboring må me òg ha i mente klimakonsekvensane for dei fattigaste i verda, avslutta Ropstad.

LES SISTE KLIMA-NYTT HER!