Erna Solberg: – Utan jenter, vert ikkje verda betre

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Utan jenter, vert ikkje verda betre

Statsminister Erna Solberg sit på første rad. Det ringer inn.

På Rådhusplassen i Oslo sit menn og kvinner, unge og gamle, på kvar sin pult.

Dei sit der for alle dei 62 millionar jentene verda over som ikkje får gå på skule. Frykt for overgrep og seksualisert vald frå anten lærarar eller medelevar er ei av årsakane til dette.

I dag vert FNs internasjonale jentedag markert med ein annleis skuletime.

Styremedlem i Plan International Norge og lærar Hilde Hummelvoll ønskjer velkommen iført rosa jakke.

LES OGSÅ: Meiner Noreg må hjelpa dei nigerianske jentene

Lover for jenter
Kvart sekund vert fire jenter verda over utsett for overgrep, anten på eller på veg til skulen.

– Dette skjer i heile verda òg i Noreg. Men fattige jenter er oftare i ein situasjon der dei står i fare for å bli utnytta, til dømes fordi skulane ikkje har råd til eigne toalett eller at det er ikkje er lys på vegen dei går til skulen, seier generalsekretær i Plan International Norge Kjell Erik Øie.

Til no har både Barneombodet og 60.000 nordmenn støtta Plan-aksjonen Min lov, som seier nei til vald mot jenter i skulen og oppmodar verdas leiarar til å gjera det same.

LES OGSÅ: Fridomspris til Malala

Meir pengar til utdanning
Statsminister Erna Solberg vert opprørt over at nokre meiner at jenter er mindre verdt enn gutar.

Ho peikar på utdanning av jenter som målretta utviklingsarbeid. Dette fordi jenter som får utdanning vert betre rusta til å meistra livet, ta vare på eiga helse, får færre born og bidreg til vekst.

Solberg kan òg fortelja at regjeringa har bestemt at dei vil bruka dobbel så mykje bistandspengar på utdanningstiltak.

– Jenter bør ta utdanning, òg for gutane sin del. Utan jenter, vert det inga utvikling. Utan jenter, vert ikkje verda betre, konkluderer statsministeren, som i denne samanhengen vert introdusert som ”heile Noregs rektor”. 

Girls Empowerment
På pulten to rader bak statsministeren sit 21 år gamle Vimbayi Musikavanhu frå Zimbabwe. Ho vart foreldrelaus i ung alder, og har opplevd korleis det er å vere ekstra utsatt.

Ho fortel dagens klasse om Girls Empowerment Movement, som vert forkorta GEM.

– Eg vil seie til alle jenter at det ikkje handlar om kva du har vore igjennom, men at du kan klara det. Verda må støtta jenters myndiggjering gjennom utdanning i eit trygt miljø, der dei ikkje risikerer å verte valdtekne, seier Musikavanhu til Framtida.no.

Generalsekretær i Plan Norge Kjell Øie med Vimbayi Musikavanhu (21) frå Girls Empowerment Movement (GEM) i Zimbabwe og Sonita Alizadeh frå Afghanistan
Alle ville ha ein bit av Vimbayi Musikavanhu (i rosa t-skjorte) og den afghanske rapparen Sonita Alizadeh, som her poserer med generalsekretær i Plan International Norge, Kjell Erik Øie.