Erna Solberg har gitt den største gåva

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Førjulstida er ofte ei mørk og tung tid for oss som skriv i avisa om norsk politikk. Det er julebord på jobben, der vi snakkar om oss sjølve. Det er artig nok, viss det ikkje var for alle dei andre som også snakka om seg sjølve. Det er oppsummeringspressekonferansar med partileiarar som seier at dei har vore flinke det siste året. Serveringa der er ofte heilt middels. Vi skriv våre eigne oppsummeringar der vi påpeiker at også dette året har politikarar tabba seg ut, og også dette året var det vi som avslørte det. Å skryte av seg sjølv gir jo ein viss glede, sjølvsagt, men til og med det blir ein vane når ein har skrytt i mange nok år. Det er lite som gir oss ekte glede i førjulstida.

I tillegg blir det ofte forventa at vi skal delta i juleførebuingane, som om vi var vanlige menneske. Det er ikkje lett. Ofte tek vi det ut på familien. Trea blir dårlig pynta. Maten blir kald. Slekta får umotiverte gåver. Ein gong gav eg ein sekstifire år gammal onkel ei barnebok med dyrelydar. Eg gav blanke.

Men i år kjenner vi ekte juleglede. For Erna Solberg gav oss den største gåva ein statsminister kan gi til oss som skriv i avisa. Ho gav oss ein ny statsråd som har sagt dumme ting før.

Dumme ting som er lette å finne fram igjen, til og med.

Det er det einaste vi ønsker oss. Så kan vi hente den nye statsråden inn. Lene oss tilbake. Stille han spørsmål som begynner med «Korleis rimar dette med…», «Meiner du framleis det du sa i 2011 om…», «Har du endra meining om…».

Og så kan vi nyte det når ansiktet hans skiftar farge og skjortekragen strammar seg til medan han jobbar og jobbar for å svare det han har fått beskjed om å svare. Vi blir så lykkelige då. Det er dette vi lever for.

Meiner du framleis det du sa for nokre år sidan om menneskeskapte klimaendringar, spør vi.

Han blir lilla og svarer: «La det ikkje vere nokon tvil om at dette er eit viktig saksområde og eg står på regjeringas politikk og Sundvolden-erklæringa og eg håper eg kan bli dømt på politikken eg fører, ikkje ting eg sa då Frp var i opposisjon.»

Men meiner du det framleis, seier vi. Vi gir oss ikkje, nemlig.

Han blir rosa og svarer: «La det ikkje vere nokon tvil om at regjeringas politikk er ei viktig Sundvolden-erklæringa og eg håper saksområde blir dømt på opposisjon.»

Vi gir oss stadig ikkje.

Han blir beige og svarer: «Eg står fast i Sundvolden-erklæringa og la det ikkje vere noko saksområde om at dette er ein dom over politikken eg fører er viktig.»

Å, sånn som vi koser oss. Så glade vi blir. Det er ikkje meir som skal til. Julefreden senker seg. Vi er lykkelige.

Og Erna veit at den som gir gode gåver, får tilbake. Det ho får tilbake, er arbeidsro for regjeringa si. For vi har ikkje noko behov for å ta dei nye statsrådane meir vi no. Vi har allereie gjort det.

Vi har sett han eine skikkelig på plass. Fått han til å forandre farge. Fått han stil å stamme. Då er vi ferdige med han. Då går vi vidare.

Vi har fått sjelefred til jul. Den nye statsråden har fått arbeidsro til jul. No kan jula berre komme.

Onkel Geir får sannsynligvis ei barnebok med lyd i år også. Men denne jula er vi i det minste glade.


Først publisert i Aftenposten 24. desember.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!