Er dette Europas beste bilete?

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først hos Vikebladet Vestposten

I samband med den årlege, europeiske fotokonkurransen Photographer of the Year Awards som gjekk føre seg i Triseste i Italia sist helg, vart Cecilie Hatløy premiert for biletet «absent».

LES OGSÅ: Prydar tysk vekemagasin

Det er FEP (Federation of European Photographers) som står bak Photographer of the Year Awards. Organisasjonen representerer over 50 000 profesjonelle fotografar i Europa. Prisoverrekkinga fann stad seint søndag kveld 1. mars med høgtideleg overrekking i Teatro Verdi i Trieste.

Fotograf Cecilie Hatløy starta sitt eige studio i Ulsteinvik i 2010, Lykkeliten Studio. Ho har spesialisert seg innan nyfødt- og babyfotografering.

LES OGSÅ: Eskil har gjort Årdalsnaturen verdskjend

Fleire andre norske fotografar fekk også premier i Trieste søndag kveld, nemleg Frida Bringslimark, John André Aasen og Jon Klasbu.

Styreleiar i Norges Fotografforbund, Truls Løtvedt, var tilstades i Trieste og tok imot prisen på vegne av dei norske fotografane.

– Det er svært gledeleg at norske fotografar oppnår anerkjenning også i utlandet. Forhåpentlegvis kan dette vere ein inspirasjon til at vi får fleire norske bidrag til internasjonale konkurransar i framtida. Desse gode resultata for norske fotografar, i ein stor, internasjonal fotokonkurranse, vil være ein inspirasjon for andre av forbundet sine medlemmer som ønskjer å bryne seg mot resten av Europa, kommenterer styreleiaren.

LES OGSÅ: Kven eig denne sjølvien?