Elevar med dysleksi slepp framandspråk

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Elevane må sjølv søkje Fylkesmannen om fritak for karakter og eksamen. Ordninga er mellombels, men kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen seier dei jobbar for å endre forskriftskravet.

– Ei slik endring må greiast ut grundig og det vil ta tid. No har vi på kort sikt vore opptatt av å raskt få på plass noko som kan virke med ein gong, seier Røe Isaksen.

Fram til i dag har det vore slik at alle elevar i vidaregåande skule må lære seg eit framandspråk i tillegg til engelsk, for å få generell studiekompetanse. Fritaksordninga kom etter at Likestillings- og diskrimineringsnemnda slo fast at dette kravet diskriminerer visse elevar med dysleksi.

Likeverdig opplæring
Generalsekretær i Dysleksi Norge, Caroline Solem, er fornøgd med fritaksmoglegheita, men seier samtidig at dei ser fram til det permanente opplæringsfritaket er på plass.

– Det er meiningslaust at elevar som ikkje har føresetnad for å tileigne seg kunnskap i andre framandspråk, også skal følgje undervisning i faget, seier Solem.

Elevane det gjeld får berre fritak dersom skulen ikkje kan sikre dei likeverdig opplæring.

– Vi må ikkje gjere det freistande for skular å skyve elevar over på fritak framfor å bruke ressursar på å leggje til rette. Skulen må derfor bekrefte at han ikkje kan bøte på læringsvanskane, seier Røe Isaksen.

Her kan du prøva ein dysleksi-simulator