Elevar droppar byggfag

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Samtidig som det kjem mange arbeidsinnvandrarar, særleg frå Aust-Europa, er det færre norske ungdommar som ønskjer å utdanne seg innan byggfag, skriv Klassekampen.

LES OGSÅ: Unge ser ned på yrkesfag

– Vår studie viser at ungdom tilpassar seg relativt kortsiktige endringar i arbeidsmarknaden og konkurransesituasjonen, seier forskar Marianne Røed bak studien «The Impact of Immigration on Inhabitants' Educational Investments» i Scandinavian Journal of Economics.

Når arbeidsinnvandringa i bransjen aukar med 10 prosent, fell også søkjardelen til byggfag med 2,7 prosent. Frå 1995 til 2008 gav dette ein reduksjon i søkinga på 21 prosent, viser studien. (©NPK)

LES OGSÅ: No vil over halvparten gå på yrkesfag