Elektriske linjer

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ytringa var først publisert på nettsidene til Aasen-tunet. 

Dei rører ved meg utan at nokon har tatt i meg. Dei kan gje meg frysningar, dei kan få meg til å le, dei kan få meg til å gråte, dei kan få meg til å smile. Lenge. 

Tekstane kan gje meg a-ha-opplevingar, lyst til å nikke eller lyst til å rive meg i håret og riste frenetisk på hovudet. Nokre tekstar kan til og med gjere at eg kjenner meg kul, som ein del av ein opplyst elite, berre fordi eg har lese det, høyrt det eller vore smart nok til å finne det.

Eg les teksten om att. Eg strekar under. Eg brettar inn eit eseløyre på den gitte sida i boka. Eg riv ut artikkelen frå bladet på venterommet, eg prøver å hugse kva songen heiter slik at eg kan høyre strofa igjen, eg prøver å hugse om lag kvar i filmen den kule replikkvekslinga fann stad. Eg skriv ut artikkelen. Eg skriv ned namnet på artisten, poeten, forfattaren, journalisten, skodespelaren. Og gløymer kvar eg la både utskrifta og notatlappen. Til stor irritasjon når eg skal dele tekstopplevinga med andre.

Somme tekstar, avsnitt, linjer, strofer, setningar er rett og slett ladde slik at dei går rett i hjartet på meg. Dei stoppar heile sirkulasjonssystemet eit lite sekund, for så å få det til å bruse i blodet. Det er elektriske linjer, skapt av menn og kvinner med penn eller tastatur. Magikarar som greier å setje ord på dette virvaret av tankar, kjensler, kvardagar, festdagar og gråversskyer eg gjer mitt beste for å manøvrere i. Som gjer at eg forstår at eg ikkje er aleine. Eg greier berre ikkje å setje ord på det sjølv. I alle fall ikkje slik.

Når eg kjem over ein slik tekst, får eg eit veldig behov for å dele. Eg deler i veg til konfirmanten, til brureparet, til dåpsbarnet, i julehelsingane. Eg blar fram til avsnittet eller diktet eg har merkt ut når ei leseglad venninne er på besøk, og det kjennest som om eg deler av meg sjølv. «Det er som om eg skulle ha sagt det sjølv», kan eg kanskje seie. Eg kunne jo sjølvsagt ikkje det, men eg ønskjer veldig at eg hadde gjort det. Slik er det med desse tekstane som treffer ein nerve i meg. Eg les dei, eg les dei om att og etter kvart får eg ein eigarskap til både tekstane og forfattaren. Dei blir som ein del av meg sjølv, ei brikke i min eigen identitet.

Lag på lag ligg desse tekstane inne i hovudet mitt utan at eg eigentleg er klar over det. Små gullstjerner inne i tankemørket som har ei eiga evne til å skine litt ekstra den dagen eg treng akkurat det sitatet. Slik at eg greier å finne tilbake til det når eg skal halde ein tale, når eg skal peike på eit poeng, når eg skal trøyste ein venn.

Tekstane er jo eigentleg berre tankar. Ord på papir. Luft. Likevel får dei hjartet til å banke, dei får pulsen til å slå, dei får tankar til å endre retning. Dei er med å definere kven vi er og kven vi vil vere og dei hjelper oss å sjå det. Og når eg får ein slik ørliten augneblink, der det eg les gjer at alt rundt meg berre stoppar opp, då kjenner eg gjennom heile meg, frå øvst til nedst, at mennesket lever ikkje av brød åleine.