Eldre bønder aktive på Facebook

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eldre bønder aktive

Minst aktive er bønder i 30-årsalderen, viser ei dansk undersøking omtalt i ATL Lantbrukets affärstidning.

Samanlikna med gjennomsnittsdansken brukar bønder sosiale medium i mykje mindre utstrekning, 41 prosent samanlikna med 67 prosent, men derimot er dei eldre bøndene uvanleg aktive i den jamførte gruppa.

LES OGSÅ: Det store fotoprosjektet

42 prosent av bøndene over 70 år oppgir at dei har ein brukarprofil på nokre av dei mest vanlege sosiale media, som Facebook, Twitter, Instagram og Linkedin.

Også unge personar stikk seg ut i statistikken. Bønder mellom 30 og 39 år er dei som brukar sosiale medium minst. Berre 34 prosent seier at dei er aktive brukarar av sosiale medium.

Undersøkinga er gjennomført blant 17.000 danske bønder av Videncentret for Landbruk og 5.900 svarte på spørsmåla.

LES OGSÅ: Seig som sirup