Ekstremistprosjekt lagt på is

Ida Bergitte Andersen Hundvebakke
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Stoppar ekstremistprosjekt

Syria-fararane må nemleg varslast dersom ting norske media har skrive om dei, skal brukast i forsking. Det skriv NRK. Det kan bli ein stor jobb med tanke på at det er minst 70 personar som har reist frå Noreg til Syria for å krige, noko som igjen har generert mange hundre artiklar om emnet dei siste åra.

Nokre av Syria-farane er framleis i krigen, nokre er kome tilbake til Norge og andre er igjen døde. Ved å systematisere informasjonen som allereie ligg ute, ville forskarane ved FFI lære meir om kva som motiverer dei som reiser.

– Det vi ynskte å gjere var å klippe og lime artiklar frå til dømes NRK inn i eit word-dokument, og så sortere artiklane etter namn på dei som vart omtalt, og deretter supplere dette med eventuell informasjon frå opne Facebook-grupper eller frå Twitter, seier forskingsleiar Thomas Hegghammar til NRK.

LES OGSÅ:Bygdefestival hacka av IS-sympatisør

Justisdepartementet var oppdragsgjevar
Kanalen skriv at den planlagde forskinga var bestilt av Justisdepartementet som ein del av handlingsplanen til regjeringa mot radikalisering og valdeleg ekstremisme. No har altså FFI sagt frå seg heile prosjektet.

– Det vert i alle fall ikkje gjort av oss, for vi ser ikkje korleis vi skulle klare å tilfredsstille dei betingelsane som Datatilsynet har sett, seier Hegghammar.

LES OGSÅ:Kva er eigentleg IS?

– Handlar om å ha kontroll på kven som veit kva om deg som person
Men Datatilsynet står på sitt i saka. Dei meiner det er mogleg å informere alle dei potensielle forskingsobjekta. Spesielt då mykje av kartlegginga skal skje via sosiale medium.

– Det handlar om kontekst i dette tilfellet. Det er naturen til forskinga at dei skal finne nye opplysningar. Heile poenget er å setje saman opplysningar frå fleire kjelder for å danne eit større bilete. Viss du ikkje får informasjon om at personopplysningane dine vert brukt, så kan du heller ikkje ta stilling til om det er noko du aksepterer eller ikkje, eller om du har nokre innvendingar. Personvern handlar om å ha kontroll på kven som veit kva om deg som person, seier seniorrådgjevar Eirin Oda Lauvset i Datatilsynet til NRK.