Ekstremismens andlet – om Hellas og Gyllent daggry

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Klart for stor- politisk rettssak

Teksta var først publisert hjå Radikal portal.

Det ekstraordinære parlamentsvalet i Hellas den 25. januar i år fekk mykje merksemd då venstreradikale SYRIZA stakk av med sigeren. Mindre merksemd fekk valresultatet til det høgreekstreme partiet Gyllent daggry (GD), som igjen stadfesta sin posisjon som tredje største parti, til trass for at store delar av leiinga sit i fengsel.

Den 1. november 2014 var det eitt år sidan Giorgos Fountoulis (26) og Manolis Kapelonis (22) blei skotne utanfor GDs bydelskontor i Neo Irakleio, ein forstad til Aten. Hendinga samla venstresida. Bodskapen frå anti-fascistane var klar: GD er ikkje offer, dei er drapsmenn!

LES OGSÅ: Kva skjedde i Hellas?

Blod, ære, Gyllent daggry!
Utanfor bydelskontoret til Gyllent daggry i Neo Irakleio denne kvelden vaia greske flagg og svarte faner med GDs symbol,meandrosen, i gull, i lyset av hundrevis av faklar. Det var ein stille prosesjon som gjekk gjennom gatene. Bakarst sto ei gruppe snauskalla og svartkledde menn. Med tente stearinlys i eine handa og mopedhjelmen i andre danna dei ein beskyttande vegg for prosesjonen. Dei heldt auge med dei som kom etter og særskilt politiet som, fullt utstyrt med hjelmar, skjold og skotsikre vestar, heldt seg respektfulle 50 meter bak følgjet. Om dei var der for å beskytta eller halda styr på menneskemengda var vanskeleg å seia.

Etter ein time stoppa prosesjonen og ei stemme skreik ut. Folkemengda gjentok. Lyden av samstemte kamprop gjalla i husveggene og virka nærast overveldande i den elles så stille haustkvelden: Død eller fridom! Blod, ære, Gyllent daggry!

LES OGSÅ: Heilt gresk for meg

Skarp politisk polarisering
Styrkinga av det høgreekstreme miljøet i Hellas er ein kombinasjon av ideologi og historie, forsterka av nyare utvikling og særskilt den økonomiske nedgangstida. Utviklinga er ikkje eit nytt fenomen, men minner om den ein såg før den andre verdskrigen, då Hitler kom til makta.

Den ekstreme høgresida har lenge vore ein synleg faktor i gresk politikk. Hellas er ein ung nasjon som først frigjorde seg frå det osmanske riket i 1829. Dei siste snart 200 åra har vore prega av nasjonsbygging og jakta etter ein klart definert gresk kultur, tradisjon og identitet, tidt avbrote av krig og diktatur. Hellas opplevde tysk okkupasjon frå 1941 til 1944, avløyst av borgarkrig mellom ei konservativ regjering og kommunistar som opererte som geriljasoldatar i den greske fjellheimen. I 1967 blei landet på ny kasta inn i diktatur då ein oberstjunta, leia av Georgios Papadopoulos, tok makta. Gjentekne demonstrasjonar, særskilt studentopprøret ved den polytekniske avdelinga ved universitetet i Aten i 1973, førte til slutt til juntaens fall i 1974. Dei 24 menneska som blei drepne under opprøra (inklusive den norske studina Toril Margrethe Engeland) blir framleis hylla som heltar og som symbol på attreisinga av demokratiet. Demonstrasjonar blir gjentekne på årsdagen, 17. november, kvart år.

LES OGSÅ:Framtidshåp frå Hellas i krise

Raseideologi
For mange grekarar, både på høgre- og venstresida, blei troikaen eit symbol på at Hellas ikkje klarte stå på eigne bein når krisa ramma og regjeringa Samaras’ samtykke til EUs krisepakkar blei det same som å frivillig gje frå seg sjølvråderetten. Hellas blei med andre ord ikkje lenger styrt av og for grekarar, men av utanforståande.

For Gyllent daggry stikk det djupare. I eit intervju med den australske nyheitskanalen 60 Minutes uttalte parlamentsmedlem Ilias PanagiotarosNasjonen er éin rase. Det var slik Gud skapte jorda. Orda illustrerer GDs offisielle ideologi, uttrykt i eit partiprogram og eit manifest for organisasjonen. Memorandaa er nasjons-drepande, skriv GD i sitt manifest. Gyllent daggry arbeider difor for eit Hellas som skal tilhøyra grekarane. Orda må ein sjå i samanheng med dei store utfordringane rundt migrasjon. Dublin II-forordninga slår fast at ein person har rett til handsaming av søknad om asyl i det første landet i EU personen kjem til. Som porten til Europa har Hellas eit høgt tal ulovlege innvandrarar, dei fleste i påvente av asyl i eit anna land i Europa.

LES OGSÅ: Eit asylregime ute av balanse

Ekstremismens unge andlet
GD har ei høg oppslutning blant unge veljarar. Lenge trudde ein at dette skuldast finanskrisa og den høge arbeidsløysa på over 50 prosent for unge, men det er mykje som tyder på ei meir ideologisk basert oppslutning. Nyare undersøkingar viser ein høg grad av framandfiendskap og det ein kan kalla hierarkisk rasisme; ei ideologisk overtyding om at nokre raser er født til å herska over andre (supremacy), særleg blant yngre grekarar. Likevel, det er ikkje grunna ideologi at dei 69 sikta medlemene må møta i retten, men handlingar. I 2012 rapporterte Human Rights Watch om ei sterk auke i vold retta mot innvandrarar i Hellas, som oftast eksplisitt knytt til GD eller medlemer av GD. Gjennom eigne sosiale program har partiet promotert eksklusive støtteordningar for grekarar, som blodbank (med garantert gresk blod), helsetenester, og liknande. Då krisa sto på som verst delte GD ut mat på gata til dei som var i naud, så framt dei kunne visa til gresk statsborgarskap.

Dette er ei skremmande utvikling, og for mange grekarar minner det om tida under juntaen og eit system det er viktig å ta avstand frå. Under studentdemonstrasjonen ved polyteknisk 17. november i fjor var anti-fascisme og motstand mot GD hovudparolen. Sjølv om demonstrasjonen gjekk relativt fredeleg for seg, tok det ikkje lang tid før større venstreradikale nettsider kunne rapportera om uprovosert vold frå politiet.

LES OGSÅ: Framande fuglar i verda

Kva vil skje med det høgreekstreme miljøet
Til skilnad frå andre høgreekstreme parti i Europa er GD meir valdeleg og sterkare prega av organisert aktivisme. Den 18. september 2013 blei den venstreradikale musikaren Pavlos Killah P Fyssas drepen av GD-medlem Giorgios Roupakias. Drapet opna for kriminell tiltale av medlemer av GD og nokre dagar seinare blei leiar og grunnleggjar, Nikos Michaloliakis, arrestert i lag med fleire andre.

Rettssaka, som skulle ha starta den 20. april (Hitlers fødselsdag!), er no utsatt til 7. mai. Etterforskinga har gjeve innblikk i partiets ideologi og struktur og det er truleg at rettssaka vil opna fleire skjulte dører. Spørsmålet er ikkje berre kva effekt dette vil ha på SYRIZA og det tidlegare regjeringspartiet Nytt demokrati, men om det vil styrka eller svekka det høgreekstreme miljøet i landet som ein gong var demokratiets vogge.

Dei som ønskjer følgja rettssaka kan gå inn på www.goldendawnwatch.org. Golden Dawn Watch kjem til å rapportere direkte frå hendingane i Aten/Korydallos så lenge rettssaka held fram.

Masteroppgåva til Birgitta Lim Ersland om Gyllent daggry ligg her.

Faktaboks

Birgitta Lim Ersland har master i Peace and Conflict Studies frå Universitetet i Oslo. Ho har skrive masteroppgåve om nyare gresk historie og framveksten av det høgreekstreme partiet Gyllent daggry. Ho har også budd og arbeidd i Aten.