Ekspertane mine

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For nokre månader sidan samla eg nokre av våre fremste ekspertar på USA for å drøfte Donald Trumps kandidatur. Nokre av desse ekspertane har gått på universitet. Nokre av dei jobbar der. Og så tok eg med eit par journalistvenner av meg som har jobba og feriert ein del i USA, og som liker breie bilar, skjorter med mønster og skranglete musikk som ikkje heilt klarer å bestemme seg for om det skal vere køntri eller rock.

Desse ekspertane var heilt einige om at Donald Trump aldri kjem til å bli republikanarane sin presidentkandidat. Han er ein protestkandidat og ein klovn med ein viss underhaldningsverdi, men når det er alvor og folk faktisk skal stemme, då kjem Trump aldri til å bli valt. Alle som kan litt om amerikansk politikk og mentalitet, skjønner det.

Dette sa ekspertane den gongen.

No er plutselig Trump favoritt til å bli presidentkandidaten til republikanarane. Korleis kunne ekspertane ta så feil?

For å finne svaret på det spørsmålet, samla eg nokre av våre fremste ekspertar på USA. Nokre av desse ekspertane har gått på universitetet. Nokre av dei jobbar der. Og så tok eg med eit par journalistvenner av meg som har jobba litt i USA, drukke ein del bourbon og køyrt Route 66 i open bil.

Desse ekspertane var heilt einige om at reglane er endra i amerikansk politikk og at ekspertane har lett for å undervurdere både misnøya i folket, verdien av Donald Trumps personlige suksesshistorie, og at det er svært vanskelig for utanforståande å verkelig forstå kva som rører seg i amerikansk politikk og mentalitet. Alle som kan litt om amerikansk politikk og mentalitet, skjønner det.
Dette sa ekspertane.

Men om det no blir slik at Trump blir republikanarane sin presidentkandidat, kor sannsynlig er det då at han faktisk blir valt til president?

For å finne svaret på dette spørsmålet, samla eg nokre av våre fremste ekspertar på USA. Nokre av dei har gått på universitetet. Nokre av dei jobbar der. Og så tok eg med eit par journalistvenner av meg som går med cowboystøvlar heilt utan ironi.

Desse ekspertane var heilt einige om at Donald Trump er ein protestkandidat og ein klovn med ein viss underhaldningsverdi, og at ein ikkje skal undervurdere misnøya i folket eller verdien av Donald Trumps personlige suksesshistorie, og at det kan vere svært vanskelig for utanforståande å verkelig forstå kva som rører seg i amerikansk politikk og mentalitet, men at når det blir alvor og folk faktisk skal stemme, då kjem Trump aldri til å bli valt. Alle som kan litt om amerikansk politikk og mentalitet, skjønner det.

Dette sa ekspertane.

Men om vi no skal gjere eit tankeeksperiment, og sjå inn i framtida, og førestille oss at det utenkelige og umulige likevel skjer, og Trump faktisk blir USAs neste president, bør då vi som dekker politikk i inn- og utland seriøst begynne å lure på om vi snakkar med feil folk og om vi kanskje burde leite litt andre plassar når vi skal finne ekspertar å intervjue?

For å finnet svaret på desse spørsmåla, samla eg nokre av våre fremste ekspertar på USA. Nokre av desse ekspertane har gått på universitetet og vore på middag heime hos meg. Nokre av dei jobbar der. På universitetet altså, ikkje heime hos meg. Og så tok eg med nokre journalistkollegaer som liker baseball og allereie har sett heile sesong 4 av House of Cards.

Alle desse ekspertane var heilt einige om at det hadde vore ein fin valkamp, og at dette må vi gjere igjen neste gong.


Først publisert i Aftenposten 5. mars.

Ikkje fått nok? Les meir Are Kalvø her!