Ekspert trur på meir samarbeid etter kommunereform

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kommunereform kan føra til meir samarbeid

Mens kommunalminister Jan Tore Sanner (H) ønskjer seg samanslåingar, ser mange kommunar på interkommunalt samarbeid som eit reelt alternativ, skriv Nationen.

– Det er det det har stått om for mange, om ein skal slå seg saman eller satse på auka interkommunalt samarbeid. Og framover om ein får fleire oppgåver, må det blir handtert med auka bruk av interkommunalt samarbeid, seier Bent Aslak Brandtzæg i Telemarksforskning. Der har han ansvar for kommunereform og interkommunalt samarbeid, og han meiner arbeidet med reforma kan leie til meir samarbeid.

– Det er ein del kommunar som konkluderer med at dei har mykje samarbeid, men framleis har ein del å gå på.

Analytikar Geir Vinsand i NIVI «forventar ei fordobling» av samarbeidet etter reforma. Også statssekretær Paul Chaffey (H) i Kommunaldepartementet ser at det vil vere behov for kommunale samarbeid i kommunestrukturen i framtida. Han påpeiker samtidig at mange ulike samarbeid fort kan bli komplekse og uoversiktlege og meiner samanslåing vil styrke lokaldemokratiet.

– Samanslåing av kommunar sikrar betre folkevalt styring i ein større kommune. (©NPK)

Les meir om kommunesamanslåing:

Senterpartipolitikar Jenny Klinge trur folk har forstått at alt ikkje blir betre berre det blir større. – Legg kommunereforma daud, skriv ho.

Samanslåing vil mest sannsynleg føre til at folk må køyre lenger til skule, barnehage og jobb. Det kan gå ut over målet om å kutta utslepp, fryktar Vestlandsforsking.

Sylfest Lomheim er meir redd for nynorsken etter kommunesamanslåinga.