i samarbeid med ABC Startsida
Tema: demokrati, Fridtjov Oos legat
Den moderne verda er eit resultat av ein lang utviklingsprosess i tankesett, haldningar og åtferd.
Maria Folkedal
onsdag 16. mai 2012 13.05
Denne utviklinga vert gjerne kalla ”Det moderne prosjekt”, og er fundamentet for all forståing av det vestlege samfunnet og det moderne mennesket.
Ein reknar gjerne den moderne tida for å ha byrja rundt 1850 med den industrielle revolusjonen, men den ideologiske utviklinga og gryande endringa i menneskesyn, byrja lenge før. Det starta som ein reaksjon på føydalsystemet og verdsbiletet i mellomalderen, og medførte ei gradvis sekularisering av samfunnet. I staden for å prøve å forklare verda og mennesket ut ifrå ein religiøs ståstad, baserte ein menneskesynet på ideal frå antikken: mennesket var fødd med fornuft og evna til å ta rasjonelle avgjersler.
Dette impliserte at alle menneske var kapable til å forme sine eigne liv, og dermed måtte vere fødd frie. Fridommen og fornufta mennesket no hadde vorte tildelt, opna opp for bygginga av ei verd kor alt var mogeleg berre ein våga, og som var utømmeleg for ressursar og goder. Menneska hadde fått verda og ressursane av Gud, og dei skulle formast etter vår vilje. Berre fornufta sette grenser. Dette vart starten på globaliseringa og verdisynet som har sett slik preg på verda og samfunnsbiletet me har i dag.
Den mest karakteristiske sida ved ”Det moderne prosjekt” er trua på at fridom og fornuft vil føre til utvikling, økonomisk vekst og dermed framsteg. Det viktigaste middelet på vegen til positiv utvikling vart difor å sikre fridommen til individet. Ein trong opplysing, kunnskap og ei røyst i samfunnet for å få meinings- og idemangfaldet ein trong for å oppnå ”det felles beste”. Demokrati har dermed vorte sjølve nøkkelomgrepet i moderne, vestleg tenking.
Dette kjem mykje til uttrykk i realistisk litteratur. Litteratur og kunst vart eit viktig verkemiddel for å ytre seg og å utveksle meiningar og idear ein hadde om ideologi, samfunn og utvikling. Mange går til og med så langt at dei seier det aldri ville vorte eit velfungerande demokrati utan slike skriftlege ytringar, både for ytringsfridommen og spreiinga av idear si skuld. Verka til filosofar og samfunnsvitarar som Charles de Montesquieu, John Stuart Mill og John Locke inspirerte og sette i gang utviklinga mot dei moderne menneskerettane, demokratiet og liberalistisk tankegang.
Men også på lågare nivå enn den europeiske storpolitikken fekk litteraturen mykje å seie for ytringsfridommen og demokratiet. I Noreg skjedde mykje av samfunnsutviklinga etter modell av Europa – maktfordelingsprinsippet og folkesuvereniteten som vart implementert i grunnlova av 1814 illustrerer det godt. Ein tenkjer gjerne at Noreg vart ein demokratisk stat allereie i 1814, men slik var det ikkje. Grunnlova gav berre røysterett til adelen og menn med eigedom. Demokratiet i 1814 var ikkje for heile befolkninga, og kan difor heller ikkje kallast eit demokrati. Det neste hundreåret vart ein kamp for fridommen til arbeidarklassen, og ikkje minst ”det svake kjønnet”, kvinnene.
I 1885 heldt Henrik Ibsen talen ”Det adelige element” for Trondhjems Arbeiderforening. Her understreka han korleis det norske demokratiet enda ikkje var eit demokrati – det mangla ”det adelige element”. I følgje Ibsen, ein av Noreg sine fremste realistar og tilhengjarar av ”Det moderne prosjekt”, ville ikkje denne adelen seie eliten som gjennom rikdom, kunnskap, dygd og makt hadde sikra seg demokratiske rettar. ”[…] Jeg tenker på karakterens, på sinnets og på viljens adel. Den alene er det, som kan frigjøre oss,” seier han. Han utrykkjer eit ynskje om at Noreg skal forkaste det tradisjonelle, diskriminerande tankesettet, og bytte det ut med nye, demokratiske ideal. Kvinnene og arbeidarklassen måtte også få røysterett. Talen illustrerer svært godt Ibsen, og det moderne prosjekt, si tru på demokrati og fridom som ei kjelde til framgang.
Det var ynskjeleg å kjempe fram retten til fridom for alle, til og med kvinner og arbeidarar som ein før hadde sett på som individ med mindre evne til fornuft og deltaking i samfunnslivet. For Ibsen var demokrati synonymt med fridom, og fridom synonymt med framsteg. Dette var også hovudideen bak ”Det moderne prosjekt”.
Trua på demokratiet og fridommen til individet er ikkje den einaste bodskapen som har vore med på å forme samfunnet vårt. Dersom ein studerer det politiske livet i Noreg på 1900-talet kan ein finne mykje som understrekar kva verdiar ein bygde samfunnet på. Arbeidarpartiet førte valkamp med ”Hele folket i arbeide! By og land, hand i hand” som slagord. Valplakaten deira frå 1933 viser bilete frå det norske næringslivet. Ein understreka at heile folket, både dei som livnærte seg i primær- og sekundærnæringane, skulle verte høyrde.
Demokratiet skulle sikre fridommen deira, og fridommen skulle dei nytte til å gjere sitt for samfunnet. Ein annan tanke frå ”Det moderne prosjekt” er altså trua på korleis arbeid, teknologisk utvikling, deltaking i samfunnet og industri ville føre til framsteg for samfunnet. Politikken i Noreg på siste halvdel av 1900-talet gjekk svært mykje ut på rettane til arbeidaren og ikkje minst den industrielle utviklinga. Teknologi og industri vart sett på som nøkkelen til eit godt samfunn, og fekk difor tildelt mykje goder i politikken. Ein skulle byggje landet, og skape økonomisk vekst og auka levestandard gjennom å utvide industrien, og gje ressursar til utdanning og forsking. Dette synet har medført både positive og negative sider for samfunnsutviklinga både i Noreg, og den i dag globaliserte verda.
I Noreg førte synet på framsteg i samband med fornuft og teknologisk utvikling med seg positive sider som arbeidsplassar, auka levestandard, vekst og ikkje minst ei demokratisering av teknologisk rekkevidde og utdanningsmogelegheiter. Men me fekk også oppleve skuggesida: Ein opplevde ei sterk urbanisering. Denne urbaniseringa har i seinare tider ført med seg ei sterk sentralisering i politikken, som mange meiner har svekka det norske lokaldemokratiet, og røysta til distrikta. Er det slik at byane, kor fleirtalet av befolkninga bur, skal kunne overstyre befolkninga på bygdene? Eller det nasjonale demokratiet skal kunne overstyre lokaldemokratiet? Noreg har i dag heldigvis godt utbygde system som skal sikre at dette skjer i minst mogeleg grad.
Det er kanskje globalt at skuggesida ved ideane frå ”Det moderne prosjekt” kjem sterkast til uttrykk. På grunn av ideala om individuell fridom og at ”det gode” er eit resultat av konstant utvikling og framsteg, står me også i dag ovanfor dei største menneskeskapte utfordringane nokon gong. Ynskja om framsteg og utvikling har medført store ulikskapar globalt. Mange millionar menneske lever i ufridom og under fattigdomsgrensa, medan ein liten minoritet av verdas befolkning lever den moderne draumen om sjølvrealisering. Ikkje berre har framstegsideologien ført med seg ei skeivfordeling av goder, det har også medført miljøproblematikk og klimaendringar som fornufta enda ikkje har gitt oss evne til å takle.
Mange set i dag spørsmål ved om alle framsteg verkeleg er framsteg, og ikkje steg tilbake. Ein ser med eit kritisk blikk på forsking, og fornufta til det moderne mennesket. Ein kan ikkje akkurat seie at utviklinga av atombombene som vart sleppt over Hiroshima og Nagasaki førte med seg framsteg.
Som ein reaksjon på ”Det moderne prosjektet” fekk me postmodernismen. Mange menneske har i dag gitt opp mykje av det positive menneskesynet, og trua på framtida. Det vert debattert om ein burde setje strengare grenser for den individuelle fridommen. Moderne samfunnskritikk kjem ofte til uttrykk gjennom kunsten. I teikneserieromanen Soft City illustrerer kunstnaren Pushwagner dette godt med biletet ”Where are they going?”. Ein kan sjå biletruta som eit bilete på korleis fridom- og framstegsideologien har ført til det reine motstykke: ufridom og ein slutt på positivt framsteg for mennesket.
I postmodernistisk kunst skildrar ein gjerne korleis samfunnet har gått frå noko naturleg til noko kaldt og framand. Verda har ikkje noko meining, og all samfunnsutvikling har berre ført med seg eit bylandskap av asfalt og biltrafikk utan noko rom for menneskeleg spontanitet, fantasi og natur. Postmodernismen sitt meir deterministiske tankesett opnar opp for eit heilt anna samfunn – eit samfunn med mangfald av forståing, verdiar, oppfatning og individuelle sanningar. Ei slik oppfatning av røynda har me framleis i dag.
Dei tre hovudverdiane i det moderne prosjektet er sjølve fundamentet for vårt vestlege samfunn. Sjølv med eit samfunn utan ei bestemt felles verdioppfatning, har ideala framleis mykje å seie for korleis me tenkjer i dag. Det moderne mennesket er eit resultat av historia. Eg vil seie me på sett og vis lever i tråd med dei moderne ideala framleis i dag. Fornuft og teknologi set viktige rammer for samfunnet vårt, og det vert sett stadig høgare krav til erfaring og kunnskap dersom ein vil halde følgje med utviklinga.
Fridomstanken er aktuell som aldri før, med rop om fridom og demokrati frå revolusjonære i Nordafrikanske land som Egypt og Libya. Gjennom nyheitssendingar og støttegrupper på sosiale nettverk som Facebook vert me stadig minna på kampen for fridom og menneskerettar som føregår fjernt frå vår kvardag. Fridomsomgrepet vert også stadig drøfta i høve til det globale miljøproblemet me står ovanfor – kor skal grensa for den individuelle fridommen gå?
”Det moderne prosjekt” sitt Utopia lever framleis i dei fleste av oss. Bodskapen om fridom og demokrati er det viktigaste verdigrunnlaget i Vesten sin politikk – Vestleg intervensjon i land som Afghanistan og Libya, og utdelinga av Nobels fredspris til fridomskjemparar som Aung San Suu Kyi vitnar om det. Me opplever ein kvardag som er i konstant endring – alt grunna trua på framsteget og fornufta. Verdsbiletet i 2011 er totalt ulikt verdsbiletet i 1850, men det byggjer på dei same ideane. Fridom, fornuft og framsteg er ideal som framleis er høgst aktuelle i dag, både fordi heile vårt tankesett byggjer på dei, og fordi me framleis formar samfunnet etter dei.
Kjelder: