Eit skeivt stykke historie

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Trass i ei forståinga av Noreg som liberalt og homovenleg, har ivaretakinga av den skeive historia hittil vore heilt forsømt, seier Runar Jordåen historikar og prosjektleiar for Skeivt Arkiv på nettsidene til Universitetet i bergen.

Arkivet som vert offisielt opna i dag er eit prosjekt under Avdeling for spesialsamlingar ved Universitetsbiblioteket i Bergen.

LES OGSÅ: Kvar er historia til dei skeive samane?

Verneverdige buttons frå Friele
På talelista under opningsarrangementet står mellom anna homoaktivist Kim Friele, som var den første som donerte samlinga si til prosjektet i 2013.

– Kim Frieles arkiv er det viktigaste enkeltståande arkivet om norsk homohistorie. Det er ei heilt unik samling, som me gler oss til å digitalisera og gjere tilgjengelig, sa førstebibliotekar og initiativtakar til Skeivt arkiv Tone Hellesund på universitetet sine nettsider då dei fekk samlinga.  

I den historiske samlinga frå den tidlegare leiaren i det som den gong var Det norske forbundet av 1948 ligg dokument frå organisasjonen, sakspapir om lovendringar, filmar, foto – og ei stor samling buttons.

I fjor vart homoforkjemparen Friele sine 15 hyllemeter med dokument frå 1932 til 2012 ein offisiell del av den norske dokumentarven, som er ein del av UNESCOs Verdsminne-program.

Mykje av dette materialet er no digitalisert i Skeivt arkiv.

Der kan ein òg finne arkiv frå andre aktivistar, som tidlegare leiar i LLH Gro Lindstad. Ho har levert inn både sakspapir, plakatar og trakasserande brev.

Historia om det skeive Noreg er ei historie om diskrimminering, fordommar og kampar som vert vunne undervegs.

LES OGSÅ: Homofile rømmer ikkje frå bygda

Vil ha kjærleiksbrev
Arkivet inneheld Noregs største samling av tidsskrift, bøker, plakatar og andre trykksaker om skeive tema, oppslagsverket Skeivopedia og intervju med viktige personar i den skeive historia.

– Dei siste 40-50 åra har markert radikale endringar i korleis seksualitet og kjønn blir forstått. Mange av dei som har levd gjennom desse endringane er no borte, og fleire i den første generasjonen av homoaktivister frå 1950-tallet er døde. Historiene deira er så langt ikkje dokumentert eller formidla, seier Jordåen, som meiner Noreg må ta ansvar for å ta vare på denne minioritetshistoria.

I tillegg til kjende personar i det skeive miljøet vil Skeiv arkiv òg ha inn bidrag frå folk flest. Dei har difor opna for at folk kan sende inn eigne historiar på Facebook og nettsidene deira.