Eirik (16) fortel ikkje til kompisane at han driv med politikk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Åleine om engasjementet

For andre gong skal det i år gjennomførast eit prøveprosjekt med stemmerett for 16-åringar.

Hå kommune er ein av 20 kommunar i prosjektet. No vil dei engasjera ungdommen slik at dei faktisk deltar i valet, men vil ungdommen eigentleg dette sjølv?

– Eg er engasjert, men dei fleste kompisane mine er ikkje det. Når eg skal på noko politiske «greier» så plar eg aldri seie det til dei. Eg seier heller eg skal på noko heilt anna, seier Eirik Åsland (16).

Skal, skal ikkje
Fram mot kommunevalet i september skal altså ungdommane i Hå bestemme seg for om dei vil stemme, og i så fall kva dei skal stemme på. Men for alle er ikkje dette like lett.

– For å få fatt i interessa til ungdommane må kommunen og politikarane snakke med dei unge. Det er ikkje politikarane som har ansvaret for at ungdommen engasjerar seg, men dei må legge til rette for det, seier Åsland.

LES OGSÅ: Her skal 16-åringane få stemma

Høg valdeltaking
I 2011 blei det gjennomført ei lik prøveordning der 16-åringar i 20 kommunar i landet fekk stemme ved kommunevalet.
Dette har i ettertid blitt omtala som eit vellukka prøveprosjekt. Valdeltakinga varierte noko mellom kommunane, men det var fleire 16- og 17-åringar som brukte stemmeretta si enn kva som var tilfelle for dei tradisjonelle fyrstegongsveljarane; 18-åringane.


Både unge og eldre møtte opp til debatten «KÆ SEIE HÅ-UNGDOMMEN?» …kæ ska me stemma?. FOTO: Pia Hetland

LES OGSÅ: Slutten på demokratiet?

Blant 16- og 17-åringane var det 57,3 prosent som deltok i valet, medan berre 33 prosent av fyrstegongsveljarane har deltatt dei tre førre kommunevala.

Men sjølv om deltakinga er høg blant dei yngste, viser evalueringa at dette ikkje aukar den politiske interessa.

– Å interessera seg i politikk er ikkje eit krav me har til andre som har stemmerett. Så kvifor skal me då stilla dette kravet til 16- og 17 åringane?, seier Stian Seland, styreleiar i Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar

– Interessa vil bli høgare blant ungdommane dersom dei får vera deltakarar på lik linje som dei eldre, seier han vidare.

KOMMENTAR: Høyr på Kongen – la ungdom få påverka

Politikarane har ansvar
Tysdag blei det arrangert debatt om stemmerett der alle elevane i Hå-skulen var inviterte. Målet er å gjera fleire engasjerte i det komande valet. Men kva seier Hå-ungdommen? Kva skal eigentleg til for å engasjera dei?

– Mange treng nok at nokon andre dreg dei i gang, seier Åsland.

– Ansvaret ligg på politikarane sjølve. Det er dei som må gjera lokalpolitikken interessant for ungdommane. I staden for å snakke til ungdommen må dei snakka meir med ungdommen, seier Trond Lode i Senterpartiet.

Han får støtte frå politikar-kollega i Krf, Stein Aarsland:

– Det er opp til politikarane å gjera ungdommen i stand til å ta i bruk stemmeretta. Om dei ikkje gjer det, er det politikarane sjølv som har feila, seier Aarsland.

– Eg trur ikkje 16-åringane vil stemma «meir feil» enn det veljarane i andre aldersgrupper gjer, seier han lurt.

Les saka på Jærbladet!