Einaste kandidaten vann Klarspråkprisen

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Departement vann Klarspråkpris

Informasjon frå det offentlege er ikkje alltid like gode å verte klok på. For å samt løfte fram statlege organ eller helseføretak som evnar å vere tydelege, deler difor Kommunal- og moderniseringsdepartementet ut Klarspråkprisen.

Denne prisen skal fremja og styrka arbeidet med klårt språk i staten.

Første departement
Prisen vart oppretta i 2009 og i år er første gongen prisen går til eit departement.

Det er Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet (BLD), som i fjor har utmerka seg med eit klårt og tydeleg språk. Dei var einaste nominerte til prisen.

Kommunal og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H), som delte ut prisen, var ekstra glad for å kunne gje han til eit departement.

– Eg er stolt over at Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet er det første departementet som mottar Klarspråkprisen. Den vil inspirera oss til å fortsetja vårt arbeid med klårspråk, sa statssekretær Maria Hoff Aanes (Frp) då ho tok i mot prisen, ifølgje ei pressemelding frå departementet. 

Eiga målform – ei demokratisak
Juryen har i si grunngjeving lagt vekt på at vinnaren har arbeidd bevisst med språklege retningslinjer og at dei har undersøkt korleis mottakarane forstår dokumenta.

I retningslinjene vekslar departementet mellom målformene og synar slik at dei er medvitne om at statsorgan skal kunne nytte både nynorsk og bokmål.

Juryen er likevel ikkje heilt nøgd med språksituasjonen hjå vinnaren:

«Men nynorskteksten juryen fekk til vurdering, vitnar diverre om at kandidaten har eit stykke att før nynorsken blir god. Juryen registrerer at dette ser ut til å vere stoda i svært mange statsorgan, og nyttar høvet til å uttrykkje stor uro for kvaliteten på nynorsktekstar i staten. Det å kunne lese gode tekstar på eiga målform er òg i aller høgste grad ei demokratisak! Det er på tide at staten tek dette på alvor.»

Les heile grunngjevinga her.

Mindre skummel fut
Nytt av året er ein eigen pris for Årets brev. Prisvinnar vart Statens innkrevingssentral i Mo i Rana, som var ein av tre nominerte. Dei vinn prisen for standardbrevet med tittelen: «Forhåndsvarsel – vi kan ta utlegg for kringkastingsavgift».

For fem år sidan var tittelen på brevet Foreleggelse av begjæring. Juryen meiner at Statens innkrevingssentral sidan den gong har gjort ein god jobb med å redusere angsten for fut og fogd og heller invitera til eit samarbeid mellom stat og innbyggjar.

I juryen for Klårspråksprisen 2013 sit professor på UiO Kjell Lars Berge, tidlegare direktør i Innovasjon Norge Gunn Ovesen, filolog Ola Breivega og forfattar Ragnfrid Trohaug.