Ein verdsvev og fem høner

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Innlegget var først hos Ivar Aasen-tunet.

Uttrykket om ei fjør og fem høner er eit kjent uttrykk for korleis sladder kan endre innhald etterkvart som det spreier seg. Uttrykket speler først og fremst på ryktespreiing, men det er same prinsippet bak gjenbruk av faktaopplysingar.

LES OGSÅ: Skreddarsydd Internett

Skit eller kanel
Eit paradoks ved verdsveven og moglegheitene den gir til kjelderikdom, er korleis vi brukar søkjemotoren. Første treffet i søkjeresultata stel ein stor del av besøka, resten av første treffside stel ein enda større del. Ofte er høgt ranka søkjeresultat ein god indikator for relevans, men det er uendeleg langt frå å vere regelen, og endå lenger frå å tyde kvalitetsinnhald.

Verdsveven har gitt oss ei informasjonsmengd vi knapt kan førestille oss, men den har også gitt eit auka behov for meir opplæring i kjeldebruk og kritisk vurdering. Dette må inn i undervisinga på eit tidleg tidspunkt, og vere grunnleggjande verktøy som ligg i botn for all informasjonshenting.

Kopieringsvelde
I mange samanhengar er tal og prosentar viktige verkemiddel for å formidle ein bodskap. Det er konkret og har slagkraft. Men slagkrafta kan minke til ein musefis når ein går bak tala og finn at det manglar fagleg forankring, og at det er ein del av det ukritiske kopieringsveldet av opplysingar som diverre skjer litt for ofte.

Nettstaden Forsking.no gjorde nyleg ei øving med å gå etter i saumane eit tal som ofte blir kasta inn i miljødebatten: Påstanden om at ti prosent av all plast hamnar i havet. Forsking.no ville forsøke å finne opphavet til talet, og starta å nøste i bruken av talet og kjeldetilvisingar for om mogleg å finne tilbake til primærkjelda. Det vart ei oppdagingsferd i tvilsam kjeldebruk og typiske kjeldefeil. Til og med ein FN-rapport kunne dei spore tilbake at talet var brukt i, som igjen viste til ei kjelde der dette talet ikkje var opplyst i det heile.

Her hadde personen som skreiv FN-rapporten gått i kjeldefella som diverre ikkje er uvanleg. Ein typisk feil er å bruke sekundærkjelder, altså å bruke ein annan si kjeldetilvising utan sjølv å sjekke primærkjelda. Så langt det er mogleg skal ein alltid gå tilbake til primærkjelda. Det er det Ole Bjørn Rekdal, forskar på kjeldebruk og akademiske vandrehistorier, kallar den akademiske kviskreleiken, der bruk av sekundærkjelder gjer at opplysingar kan bli endra litt for kvar gong dei blir brukte om att. Til slutt veit ingen heilt kor opplysinga stammar i frå, og opplysinga, sjølv om den er å finne fleire stadar, er feil.

Det er ein stor og reell miljøtrugselen det er snakk om i denne saka, desto viktigare er det å prøve å unngå at feilinformasjon øydelegg for hovudbodskapen.

Kjeldekritikk
På leit etter informasjon på nettet, er det nokre grunnleggjande tommelfingerreglar å styre etter: Kvar står informasjonen du har funne, er det ein seriøs nettstad? Kven er avsendar, har forfattar og/eller sida det står på nokon partsinteresse i det dei skriv om? Når var det skrive, er det framleis gyldig? Ikkje minst må ein ta ei heilskapleg kvalitetsvurdering av innhaldet.

Det er kanskje ikkje for ingenting at uttrykket om ei fjør og fem høner har festa seg. Det som er sagt eller skrive spreier seg fort, og innhaldet kan endre seg litt undervegs. Å vere kjeldekritisk i dagens informasjonsflom er ikkje alltid ei lett øving. Det kan òg vanskeleg å vite kva som er sant, kva som er feilinformasjon eller kva som er redigert røyndom. Ein kjem likevel langt med på vere bevisst på problemstillinga og med å bruke dei nemnte tommelfingerreglane.

LES OGSÅ: – Revolusjon om NRK slepp innhaldet fritt