– Ein treng ikkje sitje på Marienlyst for å lage godt TV

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka vart først publisert hos Møre-Nytt

– Det er viktig for meg å vise at det er mogleg å produsere godt TV utanfor Oslo. Vi held til i Volda, og med flyplassen i nærleiken, kan vi reise frå Volda klokka 11 og vere klare til opptak i Oslo klokka 14, seier Pål Aam.

Ørstingen har regi på NRK2-serien «Mitt Liv», der sesong 2 har premiere i dag, torsdag.

– Vi har sentrale intervjua åtte personar frå etterkrigstida om livet deira. Nokre av dei, som Kåre Willoch og Ingrid Espelid Hovig, er kjende for dei fleste andre er ikkje så kjende. Men dei har fascinerande historier å fortelje likevel.

LES OGSÅ: Storsatsing på «Vaffelhjarte» som teater

Gjer alt sjølve
Aam har med seg Hilde Ranheim på laget. Ho har stått for fotoopptak, bilderesearch, klipp og musikk i serien.

– Ei av dei største utfordringane er å klippe intervjuopptaka på 3–4 timar, ned til program på 39 minutt. Men eg trur vi har klart å lage det på ein slik måte at folk får fortelje historia si, utan at programmet går for fort fram, seier Ranheim.

Sjølv om Høylandet Film og TV er produsent for serien, er det meste laga i Volda.

– Ja, i denne sesongen har vi gjort opptaka sjølve også. Sist fekk vi råmaterialet, og tok oss av resten sjølve. At vi no har vore ute og filma sjølve også, gjer at nesten alt er laga i Volda. Men det er NRK-journalist Kjell Pihlstrøm som står for intervjua, seier Aam.

LES OGSÅ: – Eg skriv som eg snakkar

Morfar frå Hjørundfjorden
Dei åtte intervjuobjekta er Kåre Willoch, Arve Johnsen, Ingrid Espelid Hovig, Per Kleppe, Edith Roger, Håkon Bleken, Berit Ås og Espen Skjønberg.

Ingen av dei er lokale, men Willoch seier morfaren frå Hjørundfjorden har forma han:

– Det var kanskje morfaren min frå Sunnmøre som forma synet mitt på viktige politiske spørsmål mest. Ikkje direkte, men det låg kanskje noko i genane der, sa den tidlegare statsministeren under intervjuet.

– Målet med serien er at folk skal fortelje om sitt eige privatliv og yrkesliv. Og sidan desse folka er levande noregshistorie, fortel dei også om den felles historia vår, seier Ranheim.

Måndag denne veka vart siste verket på lyden i serien lagt. Men då måtte dei ut av Volda, heilt til Fredrik Langlo sitt studio i Ørsta.

LES OGSÅ: – Revolusjon om NRK slepp innhaldet fritt