Ein skal ikkje klage

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei ordentlige politikarane er framleis på ferie, og sitt på hyttene sine i t-skjorter med krage og tek bilde av seg sjølve for at folk ikkje skal gløyme dei. Til og med journalistar blir før eller seinare lei av å skrive berre om kameraderi og temperatur.

Og folk? Folk er sjølvsagt også klare for å snakke om noko anna, etter at dei i fleire veker berre har sagt sånt som:

– Har de hytte her nede, eller?
– Finst ikkje nokon finare plass enn dette om sommaren.
– Vi er i alle fall fornøgde. Vi treng ikkje reise til Toscana.
– Bada, eller?
– Han Trump er ikkje god. Nei, ein får komme seg heimover. Dette låret grillar seg ikkje sjølv.
– Ungane er i alle fall fornøgde.
– Berre ein liten tur til Kroatia, og til Berlin, og til hytta til svigers på fjellet. Elles har vi vore her heile tida.
– Ein skal ikkje klage.
– Det er mykje vi ikkje forstår om amerikanarane. Nei, ein får vel komme seg tilbake til hytta. Det skal badast også.
– Vi har det godt her i landet viss brunsneglar er det vi bekymrar oss for.

Med andre ord: Seinsommaren er ei perfekt tid for å starte ein debatt.

Det er klart det er fristande å gripe sjansen. Og det er alltid nokon som prøver. Og det går veldig ofte gale. Berre dei siste dagane har det vore to forsøk på å dra i gang seinsommardebattar. Og begge har spora av. Nesten med ein gong. Ein SV-ar har oppfordra til ein storstilt folkedugnad mot brunsneglar. Det var kanskje ikkje akkurat det ho sa, men debatten spora av. Og ein sentral AP-politikar har sagt at det er altfor få kjendisar i norsk politikk. Det var kanskje ikkje akkurat det han sa, men debatten spora av.

Og det er noko av problemet. Når dei ordentlige politikarane er på hytta og tek bilde av seg sjølve, eller på studietur i Canada og tek bilde av seg sjølve, då er det rom for dei politikarane som ikkje daglig er i studio og diskuterer. Og dei er ikkje så flinke som statsrådane og partileiarane til å sørgje for at debatten ikkje sporar av. Derfor, sånn til neste år, her er eit par enkle grunnreglar for å hindre at debatten din sporar av før han har begynt:

– Viss du er SV-ar, ikkje bruk ord som «dugnad». Det er for lett å gjere narr av det ordet. Spesielt når det kjem frå ein SV-ar. Og det er for lett å sjå for seg ein statlig styrt manngard frå hage til hage.
– Viss du skal snakke om at det er eit problem at folk ikkje kjenner til politikarane dei stemmer på, ikkje bruk ord og uttrykk som «kjendis», «kjent», «kjent person», «nokon folk har høyrt om» e.l. Då ender det berre i ein diskusjon om du er for eller mot Charter-Svein som listefyll.

For å seie det på ein annan måte: Ikkje bruk spissformuleringar. Ikkje prøv å komme på noko festlig eller kreativt. Noko som er lett å sitere. Ikkje sei noko som nokon andre kan klare å vri på.

For å seie det på endå ein annan måte: Ver kjedelig. Viss du ønsker å starte ein debatt, men ikkje ønsker at debatten skal spore av, då må du formulere deg på ein sånn måte at du kan vere heilt sikker på at det ikkje blir nokon debatt av det i det heile tatt.

Eventuelt seie ingenting.

Det kan då ikkje vere så vanskelig.

Lykke til. Og de må henge i. Dei ordentlige politikarane er snart tilbake. Og dei kan dette.

Først publisert i Aftenposten 6. august.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!