Ein region av køståarar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Oslo-regionen er den raskast veksande regionen i Europa. Det tyt inn med folk, som skal reisa, att og fram mellom arbeid, barnehage og heimstad. Statistisk sentralbyrå (SSB) plar alltid undervurdera folketalsveksten, men om det såkalla mellomalternativet deira slår til, vil folketalet i Oslo og Akershus gå opp med 350.000 dei neste atten åra, frå litt under 1,2 millionar i dag til litt over 1,5 i 2030. Om høgalternativet slår til, får Oslo åleine ein auke med over 300.000 innbyggjar.

Då seier det seg sjølv at regionen treng betre vegar, betre banar og betre tunnelar. Kvar skal så ekstrapengane koma frå? Neppe frå Oslo kommune som grunna folketalsauken går frå 20 milliardar i gjeld i 2010 til over 30 milliardar i 2015. Neppe frå staten heller: Mellom 1998 og 2008 auka statsbudsjettet med 45 prosent, uføretrygdene gjekk opp med 60 prosent, forsvarsutgiftene med 23 prosent og samferdsleutgiftene med berre 22 prosent. I møte med eldrebylgja er dei offentlege kassene alt pressa.

Då står vi att med brukarane. Jamvel om det framleis vert krang­la om fordelingslykelen, ser det ut som at pengane i hovudsak skal koma frå dei reisande, ikkje dei kollektivt reisande, men frå bilistane. Dei går tunge tider i møte, både gjennom auka bompengar og auka reisetid.

Les òg: Oslo-ungdom vil bli kvitt bilane

Oslopakke 3
I 2008 vedtok Stortinget etter lokale innspel den såkalla Oslopakke 3, som skal prøva å av­­hjelpa den komande trafikkveksten. I åra etterpå har sekretariatet for pakken rekna og rekna. Utgangspunktet deira er ein såkalla referansebane. Der ser dei på kva som skjer om ingenting skjer. Altså at det ikkje vert bygt ut noko.

Ei typisk strekning er den mellom Asker sentrum og trafikkmaskina Bispelokket i Oslo sentrum. Distansen er 22,5 kilometer. I rushtida i 2010 nytta bilistane 49 minutt på denne strekninga, gjennomsnittsfarten var på 27,6 kilometer i timen. Utan at noko skjer, altså referansebanen, vil reisetida for bilistane i regionen gå opp med 70 prosent. Bilisten frå Asker må nytta 1 time og 25 minutt på dei vel 22 kilometerane.

Slik det er for dei som bur i Asker, er det òg for andre som nyttar bil til og frå arbeid i regionen. Om infrastrukturen ikkje vert bygd ut i det heile, må kvar bilist i gjennomsnitt vera tre døger lenger i bilen per år i 2030 enn i 2010. Så gale er det ikkje for dei kollektivreisande, dei treng berre å nytta tretti timar meir i året. Talet på bilreiser per yrkedag kjem til å gå opp frå 1,6 millionar til 2,2 millionar. Talet på kollektivreisande skal opp frå 750.000 til litt over 1 million.

Les òg: Slik skal det bli færre bilar i byane

Dyrare enn planlagt
Dimed seier det seg sjølv at regionen treng ein dramatisk auka samferdsleinnsats. Men det er no det verkeleg byrjar å verta deprimerande. For pengane renn ut, og det før ein har kome verkeleg i gang. Stortinget vedtok ei råme på 65 milliardar 2011-kroner for Oslopakke 3 mellom 2008 og 2028. Dei siste analysane viser at dei bomma totalt. Dei siste overslaga syner at pakken kjem til å kosta minst 100 milliardar. For samstundes som Stortinget vedtek å løyva pengar, vedtek dei og EU høgre standardar. Sekretariatet går ved at også dei siste tala er høgst usikre, og seier at overslaga ligg på pluss/minus 40 prosent per prosjekt.

Kva som ligg inne i pakken, er litt vanskeleg å gjera greie for sidan han er i stadig endring. Men i den siste versjonen ligg det mellom anna inne ei utviding av E18 frå Lysaker til Asker, byggjing av t-banetunnel til A-hus, det nye sjukehuset i Lørenskog, t-bane til Fornebulandet og oppgradering av Kolsåsbanen. Dette skjer rett nok berre under føresetnad av at Stortinget og dei lokale styringsorgana i Oslo og Akershus vedtek å løyva pengar til kostnadssprekken, som altså ser ut til å vera på over 50 prosent. Om det ikkje kjem ekstrapengar, må fleire av prosjekta skrinleggjast.

Dramatisk auka reisetid
Dersom Oslopakke 3 vert full­finansiert og alle utbyggjingane skjer på tid, kor mykje redusert reisetid får folk då? Diverre får dei ikkje redusert reisetid, dei får derimot dramatisk auka reisetid. Bilistane, som med referansebanen ville få ei auka reisetid på 70 prosent, altså tre døger per år, vil få reisetida redusert med 15 til 17 timar per år i høve referanse­banen om alt det som er planlagt, vert utbygt. Bilistane vil altså måtte nytta godt over to døger i året meir enn i dag på å reisa. Bilisten frå Asker som i dag nyttar 49 minutt til Bispelokket, vil med full utbyggjing av E18 nytta om lag ein time og 15 minutt i 2030. Dei som bur i Asker og nyttar bil til arbeid i Oslo, må nok samla sett rekna med tre timar i bilen per dag om dei reiser i rushtida.

Dei kollektivreisande som kjem best ut av Oslopakke 3, er dei som reiser med t-bane. Desse vil få redusert reisetida med fem timar per år i høve til referanse­banen. Då sit dei att med ein auke på 25 timar per år. Så jamvel om staten og kommunane skal setja i gang prosjekt for 100 milliardar kroner, vil stort sett alle reisande i Oslo og Akershus få kraftig auka reisetid dei komande atten åra.

Dårlegare tunnelbane
Det mest effektive av alle tiltak er ei omfemnande utviding av t-banenett i og rundt Oslo. Men diverre ser det samla t-banetilbodet ut til å verta dårlegare. Som forfattarane skriv i rapporten «Grunnlag for langsiktige prioriteringer – Oslopakke 3»: «Det er et stort etterslep på T-bane og trikk grunnet manglende drift og vedlikehold i årenes løp. Dette etterslepet er ikke mulig å finansiere innenfor rammetilskuddsordningen. Behovet er langt større enn det som kan dekkes innenfor dagens ramme for Oslopakke 3.» Slår SSBs høgalternativ for folketalsvekst til, må nok dei fleste gjera seg klar for dobbelt så lang reisetid som i dag.

Finst det alternativ som kan gje betre tilhøve for dei arbeidande? Berre meir pengar. Ei tredobling frå dei budsjetterte fem milliardane per år til femten milliardar må truleg til for at folk skal få om lag same reisetid som i dag.

Heller ikkje miljøet får det betre. Utan at noko vert gjort, reknar sekretariatet med at CO2-utsleppa vil auka med 325.000 tonn i året fram mot 2030. Om ein innrettar Oslopakke 3 maksimalt miljøvenleg, aukar utsleppa med 290.000 tonn. Dei samla miljøkostnadene går opp med 5 prosent i året fram til 2030.

Les saka i Dag og Tid!