– Ein god dag for homofile sine rettar

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Det skriv parlamentet i ei pressemelding. Lova anerkjenner sambuarskap mellom personar av same kjønn på lik linje som eit heterofilt ekteskap, og gir difor dei same rettane og pliktane som heterofile ektepar har.

Estland er det første av dei eks-sovjetiske landa som innfører ei slik lov.

LES OGSÅ: Framleis problematisk å vera open

Èi lita hake
Avgjersla vart tatt i det estiske parlamentet i dag, med eit knapt fleirtal på 40 mot 38 representantar, og er ifølgje den estiske nettstaden den næraste avstemminga lova har gått gjennom så langt, etter ein lang prosess.

Det er berre litt som står i vegen – nokre forskifter må bli vedtekne, då med 51 av 101 representantar som stemmer for.

Familielova blir uendra ifølgje Estonia Public Broadcasting. Den definerer eit ekteskap som noko mellom ein mann og ei kvinne.

LES OGSÅ: KrFU imot homofile ekteskap

– Eit par gode dagar
Stephen Fry, den britiske komikaren og skodespelaren, har lenge kjempa for homofile og lesbiske sine rettar. Han skriv om vedtaket på bloggen sin, og omtalar den siste tida som «good couple of days for LGBT Human Rights». Du kan lesa innlegget til Stephen Fry her.