Éin av tre selde alkohol til mindreårige

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Éin av tre bryt lova

– Tala overraskar ikkje. Dette er omlag same resultat som i fjor, berre litt verre, seier Juvente-leiar Maria Elizabet Aspen (25) i ei pressemelding frå avhaldsorganisasjonen for ungdom.

Ho er slett ikkje nøgd og oppmodar helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) til å ta grep og skjerpa sanksjonane mot butikkar som bryt lova.

LES OGSÅ: – Ta ein slurk

Strengare kontroll
– Etter dei første åra med Skjenkekontrollen opplevde ein ei innskjerping av butikkane sine rutinar i nokon grad, men i år opplevde me ei auke i talet på sal. Me meiner at sal av alkohol til mindreårige er eit så alvorleg lovbrot at bevillinga bør inndragast med det same. Det finst neppe andre arenaar i samfunnet der ein seier seg nøgd med at 37 prosent bryt lova, meiner Aspen.

Juvente har sendt ungdomskontrollørar inn i butikkar landet over for åttande år på rad. Før jul 2014 kontrollerte Juvente over dobbelt så mange utsalsstader som året før.

Kontrollane går ut på at ein mindreårig går inn i butikken, tek med seg alkoholhaldig drikke og ei anna daglegvare, og stillar seg i kø for å betala i kassa.

Ungdommane freistar ikkje å verka eldre enn dei er i kledevegen eller utsjånad. Dei bruker heller ikkje triks som å rasla med bilnøklar eller å kjøpa varer som vaksne kjøper. Kontrollørane lyg ikkje på alderen eller bruker falsk legitimasjon.

Får dei spørsmål om legitimasjon svarar dei: «Nei, det har eg ikkje. Kan eg få kjøpa likevel?».

LES OGSÅ: – Ungdom fortener betre råd

Vinmonopolet best igjen
I likheit med tidlegare år er Vinmonopolet den kjeda som gjer det best i kontrollane. I 2013 selde dei ikkje til mindreårige i nokon av dei 15 testane. I år vart Vinmonopolet testa heile 38 gonger og selde alkohol til mindreårige tre gonger.

– Dette er bra, og er openbart ikkje tilfeldig når dei har dei overlegent beste resultata kvart år. Polet jobbar heile tida med å betra sine rutinar på alderskontroll og dette syner seg i resultata. Det er mange av daglegvarekjedene som har mykje å læra av Vinmonopolet når det kjem til å spørje om legitimasjon, meiner Aspen.