Ein av landets beste seglmakarar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein som er sikker på at han har vald rett, er Aage Hedegaard-Larsen.

Han har utdanna seg til noko så uvanleg som seglmakar. Dei er det ikkje mange av i landet.

Les saka i Nordhordland avis!

– Eg trur eg med sikkerheit kan seia at eg er mellom dei hundre beste seglmakarane i landet, seier han og flirer.

Sjefen ringte etter han
Det er ein liten bransje han har utdanna seg innan. Og som vanleg, var vegen inn noko uvanleg og.

– Eg har alltid segla masse, fortel han.

Og etter eit NM i Stavanger vart han spurt om kva han ville jobba med då han vart vaksen.

– Eg fortalde det, og etter tre veker fekk eg ein telefon om eg ville ha jobb, seier han.

Det betydde at han måtte flytta på seg. Opphavleg er Hedegaard-Larsen frå Haugesund.

Han seier det kan vera ein travel jobb.

– Våren er travlast. Då gjer ein alt frå å henta eit segl på ein båt og ta service på det, lappar det. Det er og masse rigservice med klatring i rig og sjekking av wire, seier han.

Det er lite laging av segl.

LES OGSÅ: Jaktar på kvinnebonden

– Usikre tider
– Du gjer det i ny og ne, men det er sjeldan det skjer i Noreg no, seier han.

På fredag var det heile 41 nordhordlendingar som fekk fag eller svennebrevet sitt. Det er rekordmange.

– Det kjennest ganske greitt å ha eit fagbrev. Det gjer ein fleire moglegheiter i livet, seier Morten Renholm.

Fredag fekk han beviset på at han no er utdanna feiar. Ein jobb han var ganske sikker på at han aldri ville ha. Heilt til han fekk prøva jobben.

– Eg har vald rett
– Det heile starta med at eg har ein bror som jobbar i Lindås og Meland brannvern. Siste året på skule, hadde eg masse fritid og var lei av å sitta heime, då likte eg jobben og ville gjera masse for å behalda den, seier han.

Han trekk fram variert arbeidsdag som eit av dei største føremonen. For dei er ikkje berre på tak og feiar piper.

– Me er og heim til folk og sjekkar branntryggleiken. Sjekkar mellom anna røykvarslarar og slukkeredskaper. Men og eldstaden deira, fortel han.

No er han sikker på at han er der han skal vera.

– Eg har vald rett ja, seier han.

Lillian Vaabø Mongstad er leiar for Opplæringskontoret i Nordhordland. Ho er nøgd med rekordtalet på lærlingar, men innrømmer at ho er spent på fortsetjinga og kor mange læringar som får plass.

LES OGSÅ: Uviss framtid for høgskulane i vest

– Det er usikre tider, innser ho.

Men Mongstad er tydleg på at det er då det er lurt å ta inn lærlingar.

– Ting snur fort og plutseleg er det behov for fagarbeidarar, seier ho.

– Og det tek tid å utdanna dei, peikar ho på.

– Kvifor er det viktig med lærlingar?

– Det vil framleis vera stor etterspurnad etter lærlingar i 2020, difor er det viktig å utdanna dei no, seier ho.

Skulle eigentleg verta dyrlege
Meland-ordførar Nils Marton Aadland seier ein treng lærlingane for å halda oppe den velferda me har i dag. Men han oppmodar dei som fekk fagbrev på fredag om å tenka på vidareutdanning.

– Teknologien endrar seg heile tida, så sjølv om ein no har fått ei fagutdanning, vil ein ha behov for påfyll av kunnskap seinare, seier han.

Ei som har tenkt å ta han på ordet, er Anja Bondevik Løtveit. Ho er nyleg utdanna innan helsearbeidarfaget. Men har alt bestemt seg for å gå vidare til hausten.

– Det står mellom sjukepleiar eller vernepleiar. Men eg er ikkje sikker, så det må myntkast til for å velja, seier ho og smiler.

Eigentleg ville ho verta dyrlege. Men etter å ha prøvd seg som helsefagarbeidar har ho ombestemt seg.

– Eg har skjønt eg er på rett plass, seier ho.

LES OGSÅ: Studieframtida er på nettet