Eig meir enn vi trur

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ferske tal frå forsikringsselskapet If syner at kvar enkelt forsikringstakar har forsikra innbu og lausøyre for kring 530. 000 kroner i leiligheiter og nærare 925. 000 i villaer.

Landsgjennomsnittet er nesten 763. 000 kroner, men det er ikkje nok, melder Kvinnheringen via ANB.

LES OGSÅ: Sjekka arbeidstilhøve

Ikkje nok
Ifølgje If er ikkje denne summen ein gong nok for to personar som bur på to rom og har middels standard på innbuet sitt.

– For låge forsikringssummer ser vi først og fremst når det oppstår brannskadar, der alt går tapt i brannen, seier Richard A. Zimowski, fagsjef for eigedomsforsikring i If Skadeforsikring.

– I slike skadesaker opplever vi relativt ofte at den verdien kundane har sett på sitt innbu og lausøyre, er for låg i forhold til verdiane som går tapt.

LES OGSÅ: Kjærleik ved fyrste blikk

Set opp summen når du kjøper nytt
Ei av årsakene til dei låge forsikringssummane, er at folk ikkje aukar summen etter kvart som dei kjøper nytt til heimen.

Ei anna årsak er at mange nordmenn har god råd, og er glade i å bruke penger på heimeelektronikk og innreiing.

– Dermed kan vi diverre misse litt av oversikta over kva vi eig, seier Zimowski.

If rådar difor alle til å fotografere innbuet sitt. Bileta bør lagrast elektronisk.

Dersom du tykkjer det er vanskeleg å fastsetje verdien på eige innbu og lausøyre, er det hjelp å få. Forsikringsselskapa har i fellesskap laga ein rettleiande kalkulator på nett, som gjer det mogeleg å få ein tilråda forsikringssum.

LES OGSÅ: Saksøkt for hormon-app