– Ei tikkande bombe

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg har sett etter jobb sidan 2008, men har ikkje blitt kalla inn til eitt eineste intervju, fortel Sabelo Mhlunyu (26).

Etter å ha fullført ei bachelorgrad i psykologi, byrja han å søke på jobbar. Han veit ikkje kor mange søknader han sendte, men etter to år blei han lei av å berre sitte heime utan at noko skjedde. Han bestemte seg difor for å slutte å leite etter jobb og heller gå tilbake til studia.

Mhlunyu er berre ein av mange unge arbeidslause i Sør-Afrika. 7,5 millionar av dei 49 millionar innbyggjarane står utan jobb, syner tal frå African Insitute of Race Relations. Størst er arbeidsløysa blant unge i aldersgruppa 15-24 år, der over halvparten, 51 prosent, ikkje har arbeid. Og det er blant svarte ungdommar arbeidsløysa er høgast, i 2011 stod 53,5 prosent av dei utan jobb.

Dei unge arbeidsledige er frustrerte – og sinna.

Både forskarar og politikarar snakkar no om fara for ein "arabisk vår" i Sør-Afrika.

LES OGSÅ: – Afrika går til helvete

Valdelege demonstrasjonar
Dei siste åra har talet på valdelege demonstrasjonar i Sør-Afrika gått opp. I oktober i fjor gjekk over 2000 ungdommar frå regjeringspartiet sin eigen ungdomsorganisasjon, ANC Youth League, gjennom gatene i Johannesburg med krav om økonomisk rettferd og fleire jobbar.

Fagforeininga COSATU er uroa over all frustrasjonen blant dei unge.

– Ser vi på byane våre, er vi omringa av ein ring av flammer. Vi har sett det mange stader rundt Johannesburg; valdelege demonstrasjonar med ungdommar og kvinner i spissen, seier generalsekretæren i COSATU, Zwelinzima Vavi til nyhendebyrået SAPA.

– Vi kallar det ei tikkande bombe, og vi trur at den vil eksplodere ein dag, åtvarar Vavi.

QUIZ: Kva veit du om Afrika?

Ved Center for Violence and Reconciliation i Johannesburg åtvarar dei også mot meir sosial uro.

Forskar Nomfundo Mogapi meiner at problemet ikkje fyrst og fremst er arbeidsløyse, men dei store økonomiske forskjellane mellom folk i Sør-Afrika. Unge samanliknar seg med dei rike i nabolaget og blir frustrerte. Samstundes opplever ungdommen at dei ikkje får merksemd frå myndigheitene og media utan å bruke vald.

– Dei fleste av dei som tyr til vald, har prøvd fredelige metodar fyrst, seier Mogapi. – Men ungdommane seier også at 'vald er det einaste språket myndigheitene forstår'.

Lovar å skape fleire jobbar
Arbeidsløysa var eitt av hovudtemaa i president Zuma si tale om nasjonens tilstand, og presidenten la frem ein ambisiøs plan for å skape fleire jobbar. Ein sentral del av denne planen er store infrastrukturprosjekt, som bygging av jernbane og vegar, og desse er meint å skape mange jobbar. Regjeringa vonar at dette vil roe ned stemninga blant unge arbeidslause, slik at Sør-Afrika slepp meir sosial uro.

Kritikarar meiner at regjeringa må gjere mykje meir om dei skal nå sine eigne mål om å skape 5 millionar nye jobbar mellom 2010 og 2020. Ei ny undersøking frå African Insitute of Race Relations syner at tempoet på sysselsettinga må tidoblast om ein skal nå Zuma sine mål.

LES OGSÅ: Kneblar studentar med vald

Nomfungo Mogapi trur likevel ikkje at tiltaka til regjeringa vil gjere slutt på valden.

– Vi ser nå at regjeringa freistar å endre den økonomiske politikken, men slike politiske prosessar tar tid. Difor trur eg vi også vil sjå valdsutbrot dei neste åra, før Sør-Afrika får sett i gong tiltaka.

Forskaren understrekar at det ikkje er nok å skape fleire arbeidsplassar for ungdom om regjeringa vil ha slutt på valden.

– Dette handlar om ulikskap, å skaffe folk ein jobb er difor ikkje nok. Mange slit med låg sjølvtillit, og då hjelper det om ein får ein tilfeldig lågstatusjobb.

Skuffa over ANC
Psykologistudenten Sabelo Mhlunyu drøymer om å jobbe som psykolog, helst med eigen praksis. Enn så lenge tar han meir fag og engasjerar seg i studentpolitikken. Han er blant dei mange unge som er skuffa over ANC.

LES OGSÅ: Fiskeavfall skal mette Afrika

– Vi trudde at ANC ville endre systemet då dei kom til makta i 1994, i staden har systemet endra dei, og det har blitt meir fattigdom og arbeidslause, meiner Sabelo Mhlunyu.

Han er sjølv medlem i ANC Youth League, og seier han er klar for å demonstrere om situasjonen for unge arbeidslause ikkje blir betre.

– Om styresmaktene ikkje gjer noko i tide, kan massane kome til å gjere opprør. Eg kjem til å vere på gata og demonstrere om den tida kjem.