Ei skikkeleg agurksak

Ida Bergitte Andersen Hundvebakke
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ordet agurktid har ei spennande, om enn uklar, historie skal ein tru Språkrådet. Ein ting som er klart er at ordet er ei kjelde til irritasjon og latter både her i landet og i verda forøvrig. Nordmenn nemleg ikkje åleine om å bli bombardert med saker av mindre og svært lite relevans så fort gradestokken bikkar 20 grader. Ordet fins i mange språk, men kven som er opphaveleg eigar og kven som lånetakar er heller uklart.

LES OGSÅ: Suksess med uperfekt frukt

Usikre forklaringar
Ein veit at ordet har vore kjent i det norske språket sidan tidleg 1900-tal, og at det kjem frå det tyske Sauregurkenzeit(en). Opphavleg var agurktida ei dødtid i forretningslivet generelt, ikkje berre i media.

Det er minst to forklaringar på kvifor det heiter agurktid. Ei av dei seier at det tyske ordet oppstod blant kjøpmenn i Berlin allereie på 1700-talet og beskreiv den tida då dei små agurkane blei modne, sylta og lagt på glas. Dette var om sommaren, då det elles skjedde lite. At agurkane er med i bildet, skyldtes anten at berlinarane åt mye agurkar om sommaren – kanskje fordi det var mangel på anna mat – eller at bøndene kom til marknaden med varer på seinsommaren.

LES OGSÅ: Her er årets ord

Frå hebraisk?
Språkrådet luftar også at ei anna forklaring om at det tyske ordet kan stamme frå hebraiske zarót og jakrút, 'lidelses- og dyrtid’. Bakgrunnen var at jødene i tre veker om sommaren sørga over ødeleggelsen av tempelet i Jerusalem.

Som ein kuriosa kan ein nemne at ordet cucumber time vart registrert så tidlig som i 1700 og var knytt til skreddaryrket. Språkrådet føreslår at ordet kanskje vart brukt om ei periode av året då skreddarane hadde fri.