Ei rekke høgskulestudium kan vere ulovlege

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Høgskulestudium kan vere ulovlege

NOKUT har sett på 220 studium med til saman meir enn 6.300 studentar. 75 prosent av desse studia er problematiske på eitt eller fleire punkt. NOKUT varslar opprydding.

– Vi ser svært alvorleg på desse avsløringane, seier tilsynsdirektør Øystein Lund i NOKUT til Aftenposten.

NOKUT starta gjennomgangen i januar etter å ha funne fleire eksempel på problematisk samarbeid som oppstår når akkrediterte institusjonar samarbeider med aktørar som ikkje er godkjende for høgare utdanning. Ifølgje forskrifta må minst halvparten av dei som underviser vere tilsette ved den akkrediterte institusjonen.

I haust skal NOKUT innkalle Høgskolen i Hedmark, Høgskolen i Molde, Høgskolen i Nord-Trøndelag, Høgskolen i Oslo og Akershus, Høgskolen i Buskerud og Vestfold, Høgskolen i Østfold og Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) til møte, fordi desse institusjonane har utbreidd bruk av denne type samarbeid.

– Forskriftene er til for å sikre kvalitet for studentane, seier Lund, som legg til at det ikkje er enkelteksempel som er det mest alvorlege, men omfanget.

– Enten så kjenner ikkje institusjonane til forskrifta, eller så forstår dei ho ikkje. Eg veit ikkje kva som er verst, seier han.