Egil Olsen i verdsrommet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Egil Olsen slepp i dag sin nye singel ‘tryin' – med musikkvideo. Neste laurdag, 03. mai, blir det intim storkonsert på sjølvaste Rockefeller i Oslo.

Den nye singelen føles allereie som ein eviggrøn Egil Olsen-schlager med sin klassiske melodi og håplause, men håpefulle tekst. I musikkvideoen tek han oss denne gongen med på ein liten tur ut i verdsrommet.

– Det er ein veldig leitande tekst – og veldig personleg, men samtidig universell og eksistensiell. Denne gongen ville eg eigentleg berre lage ein heilt enkel og streit video der eg syng og spelar songen. Sidan både teksten og lydbiletet har noko space over seg, tenkte eg at eg kunne strekke meg til å lage ein heilt enkelt og streit video der eg syng og spelar songen i verdsrommet – saman med ein astronaut.

Videoen blei filma i eit lite studio utan ventilasjon med tre store lyskastarar. Stakkars astronauten, som spelast av popartisten Robert Post, var i tillegg i ein alt for stor og alt for varm astronautkostyme.

– Det går som regel litt hardt for seg når eg lagar musikkvideoar. I min førre musikkvideo var eg sminka til varulv og mista stemma etter timesvis med knurring i ein iskald skog. Denne gongen var problemet varme og oksygenmangel, og Robert Post besvimte. Vi fekk det desverre ikkje på film, men eg har rekonstruert det i ei teikneseriestripe, seier Egil Olsen. 

Olsen var nyleg teikneserieforfattar med sin eigen daglege gjestestripe i Dagbladet; 'Eg, Egil Olsen' – eit sjølvbiografisk lite innblikk i dei flaue, litt patetiske og tristmorosame sidene av livet som singer / songwriter.

– Eg har merkeleg nok alltid følt meg som ein teikneseriefigur, så å få utfalde seg i teikneserieformatet er noko eg har drøymt om heile livet. Det vert nok helt sikkert meir 'Eg, Egil Olsen’ framover" 

3. mai spelar Egil Olsen “straumlaus” konsert på Rockefeller, med eit nydelig akustisk orkester og sokalla spesielle gjestar. 10. mai spelar han på teaterfabrikken i Ålesund.

Les saka i Møre-Nytt!

Sjå videoen her!