– Eg var det som var feil i ei altfor rett verd

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg var det som var feil

Her kan du lesa redaktøren i Sunnhordland si forklaring på kvifor dei skriv om sjølvmord.

Han gjekk inn og ut av tunge depresjonar som tenåring, og sleit i mange år. No er sunnhordlendingen i 20-åra, og har komme seg ut av det verste mørket. Bak seg har han ei rekke sjølvmordsforsøk. Her fortel han si historie:

I dei åra eg ikkje opplevde noko som helst form for håp eller meining med livet mitt og min plass i verda, blei det eit ganske naturleg val å enda det. Eg såg ikkje verdien i meg som eit individ. Det var ikkje noko som helst i tankegangen min som tilsa at det ville vera noko behov for min vidare eksistens.

Eg opplevde absolutt kjærleiken eg fekk, kanskje særleg frå familien. Men i mitt tunge sinn var den grenselaus på grunn av at dei måtte vera i familien min. Eg var eigentleg eit problem, dei berre innsåg det ikkje. Min eigen kjærleik til familien følte eg at eg best fekk uttrykt ved å la dei vera. La dei sleppa problema eg førte med meg berre ved å vera til.

I samtale med fleire som var i ein liknande situasjon som meg, på institusjon – frivillig eller ei, viste det seg at det var fleire med same syn. Det var på ein måte ei kjærleikserklæring å ta livet sitt, så dei som sat igjen slapp ein byrde, og kunne leva sine liv fullt ut – utan sorga og bekymringane som eg førte med meg.

Sorga av tapet ville gå over. Tid lækjer jo alle sår.

Det å sjå sin eigen sinnssjukdom er nærmast umogleg. Særleg om du er overbevist om at det ikkje er noko som med rette kan kallast sjukt, og ingen klarer å bryta ditt sjuke paradigme ned. Mitt syn på verda føltes veldig logisk og rett for meg. Alt det svarte i sinnet mitt såg eg ingen grunn til at du skulle ha i ditt. Eg var det som var feil i ei altfor rett verd.

Heldigvis var det ein som heilt fullstendig klarte å øydeleggja grunnen min. Det eg kategoriserte som «innsikt» var ingenting anna enn eit svik mot meg sjølv. Ein glorifisert evig jævla brønn. Eg blei skoten ut av han, og skapte over tid mi eiga landingsstripe, og gjekk til verks.

Etter å ha bygt opp grunnsynet mitt frå grunnen, tok det ikkje så altfor lang tid før eg kunne tilgje meg sjølv. Sjølvmord er det vondaste vonde du kan gjera, ikkje mot alle andre, men mot deg sjølv. I og med at det vonde kjem frå frykt og ignoranse, må mot og kunnskap føra til noko godt. Då er tilgjeving heilt på sin plass. 

REPORTASJE: Livet etter døden

Les saka i Sunnhordland!