– Eg skjønar ikkje kvifor ikkje alle skatar!

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Alle burde skate

Rundt 50 jenter er med i Girlskate-gruppa på Facebook. I Fysak-hallen ved Slettenbakken i Bergen møtast dei kvar torsdag klokka åtte for å skate. Då må gutane ut.

– Kvar gong er det nokon som spør om å få kome inn. Men det er berre for jenter frå åtte til halv elleve, fortel Hanna Kolbjørnsen (23). Ho jobbar i Fysakhallen, og er kontaktperson for Girlskate i Bergen, men understrekar at skatemiljøet har ein nokså flat struktur.

– Vi er veldig inkluderande, og prøver å få med oss så mange jenter som mogleg.

Dei fleste jentene er studentar i aldersgruppa 20-25, men nokre er heilt ned i 7-årsalderen.

– Sjølv om Girlskate har eksistert i fem år, var det relativt døydt i hallen for tre år sidan, då eg begynte. No er vi ein god gjeng som også har blitt venner elles.

Hanna 2
– Før var Girlskate frå halv fem til halv åtte, men det blei litt barnehage-aktig, ler Hanna Kolbjørnsen (23). Ho administerer Girlskate si Facebookside, og jobbar i tillegg i Fysakhallen.

LES OGSÅ: Får ingenting til ein av Noregs største skateparkar

– Stadig fleire jenter skatar
– Vi er veldig hjelpande og støttande mot kvarandre. Sidan alle er på ulikt nivå, held vi nokre gongar hender. Mange vil prøve seg fram i fred. Men vi skatar gjerne med gutane utanom, fortel Hanna. 

På grunn av ein skade etter eit skateuhell, kan ho ikkje skate mykje for tida, men møter opp kvar torsdag for å promotere Girlskate og for å oppmuntre dei andre. 

Kvifor Girlskate?

– For at fleire jenter skulle ha lyst til å komme og skate, var det naudsynt å ha så låg terskel som mogleg. Det har funka, seier Hanna.

Dei eldste i gjengen har reist på turar til Gran Canaria, Berlin og Stockholm, både på skatecamp og for det sosiale.

Annicken og Rebecca
Jentene er på ulike nivå, og hjelper kvarandre gjerne.

Vil auke kvinnetalet
Eirik S. Olsen er dagleg leiar i Fysak, og synest det er bra at fleire jenter byrjar å skate.

– Vi starta Girlskate fordi jentene sjølv ville lære det utan så mange tilskodarar. I tillegg ønskte vi å auke kvinnetalet og å styrke skatetilbodet til jenter. Det er bra å ha alternativ aktivitet, sidan alle ikkje liker det same, seier han.

Helene Woll Andreassen (21) byrja å skate i fjor, medan Anniken Hessen (25) har skata sidan 2014. Frida Steinbakk (22) begynte så smått å skate ein gong før 2012. Det var vener som gjorde at dei blei med i Girlskate, men ingen av dei som er aktive i dag kjende kvarandre frå før.

Kva er så kjekt med skating?

The girls. Neida. Men skating er veldig gøy og sosialt. Det er fett å sjå at andre utviklar seg. Ein lærer å balansere kroppen på ein heilt annan måte, seier Helene.

– Det får ein til å kople av. Utan det gode miljøet i Girlskate er det mange som kanskje ikkje hadde vore med, trur Frida.

– Det er fellesskapet, meistringskjensla og det at nokon heier på deg, meiner Anniken.

Dei synest det er dumt at skating lenge har blitt assosiert med pøblar og kriminalitet.  

– Nokre klagar på bråk frå bretta, men klag då heller på bråket frå buekorpset, seier Helene, til latter frå dei to andre.

Frida 3
Frida Steinbakk (22) skatar gjerne i den største "bowlen" hjå Fysak-hallen. Hallen er kommunalt drive, og det meste er gratis.

Var ulovleg i Norge
Frå 1978 til 1989 var rullebrett ulovleg i Norge. Forbodet blei grunngjeve med at skating kunne føre til skadar, slik det hadde gjort i USA, der skating starta, ifølgje ein artikkel Dagbladet.

– Det er jo mange andre sportar som kan gje skade. Men forbodet hadde nok litt å gjere med eit stereotypiske bilde av skatarar, trur Anniken.

I dag er situasjonen for skatarane annleis. I februar i år konkurrerte toppskatarar i X-games i Oslo. Den brasilianske 17-åringen Pamela Rosa stakk av med sigeren i kvinneklassen.

– Nivået til kvinnene er nok dårlegare, men det har blitt veldig mykje betre berre dei siste åra, konstaterer Hanna.

At skating tradisjonelt har vore «ein guteting», trur jentene kan ha noko med mangel på kvinnelege forbilde å gjere. Derfor set dei pris på ulike tiltak for å auke tal jenter, til dømes Jenteskate i Stavanger. 

– Skating handlar om å utfordre seg sjølv, vere i aktivitet, kople ut. I tillegg er det så utruleg sosialt. Eg skjønar ikkje kvifor ikkje alle skatar, seier Hanna.

LES OGSÅ: Er ballett berre for jenter?