– Eg har blitt litt hekta på brudekjolar

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Då storesystera til Siri Bråtveit skulle gifta seg ville ho ha ein vintage-brudekjole. Det viste seg å vera vanskeleg å få tak i – og gav veslesystera ein idé.

«Dette må det vere ein marknad for,» tenkte Siri.

LES OGSÅ: Brudepar giftar seg andre stader enn i kyrkja

Modell-hjelp
I 2012 registrerte Bråtveit firmaet Oldemors brudekiste. Her sel ho kjolar som folk har donert, eller som er kjøpt frå utlandet – gjerne USA.

I skrivande stund har Siri rundt 20 kjolar som ventar på å finne si brud.

Systrer og venninner vert brukt til modellar og kundane får tilsendt kjolar til prøving.

Siri ser eit potensiale for brukte brudekjolar òg internasjonalt og planen er difor å lansere ei internasjonal nettside før påske. Slik vil ho blåse liv i bedrifta, som ikkje har vore førsteprioritet i studietida.

Men namnet er ei utfordring

– Kva er oldemor på engelsk? Great grandmother. Det er for langt. Og grannyshar ikkje heilt same tydinga. Ein må ein generasjon tilbake, funderer Siri.

I ei tekstmelding etter intervjuet avslører Siri at det internasjonale namnet truleg blir Sisters of Siri.

LES OGSÅ: Venninner sel for millionar med «showroom» og sosiale medier

Vintage i vinden
Dei seinare åra meiner Siri å merka ei endring i sortimentet på brudesalongane.

– Dei har hive seg litt meir på den vintage-stilen. Då eg byrja var det mest av desse kjolane som gjekk slik.

Siri held armen rett over brystpartiet for å illustrera dei stroppelause kjolane som har vore populære blant norske bruder i fleire år.

Ho syntest lenge at dei fleste nye brudekjolane såg like ut, men tykkjer dagens brudesalongar har meir variasjon. Det er meir blonder, litt smalare modellar og meir vintage-preg.

LES OGSÅ: Håvar inn på ekteskap

Trinne trettitalsbruder
Mote og modellar er ikkje det einaste som har endra seg sidan oldemor stod brud.

Medan bruden i snitt var 23 år gamal i 1974, var ho i 2014 nesten 32 år gamal.

Kvinnene gifta seg yngre og hadde smalare midjer i gamledagar. Difor er vintage-brurekjolar ofte veldig smale i livet.

– Det som er krevjande er å finne kjolar som passar litt meir til moderne norske bruder, forklarar Siri.

Ho jobbar mest med å finna brudekjolar i alle storleikar, slik at det ikkje berre vert ein butikk for berre «small».

Det som tek tid er å finna «medium»- og «large»-kjolane.

I dag er det òg fleire som giftar seg fleire gonger, enn det var tidlegare

Miljøvenleg og unikt
Men sjølv om vintage-stilen har kome til brudesalongane, er det framleis mange gode grunnar til å kjøpa ein brukt kjole på den store dagen.

– For det første er det miljøvenleg. Det er litt rimelegare, og passar difor dei som ikkje vil bruka enorme summar. Eg synest òg du ser forskjell i stoff og kvalitet på ekte vintage og det som er kjøpt nytt i bruresalong. Så er det noko med klede som har ei historie. Eg synest det er litt meir spesielt nå det berre er ein av kvar, argumenterer Siri.

Sjølv om ho ikkje har drøymt om bryllaup og kjole sidan ho var lita, medgjev Siri at det er lett å la seg rive med og bli litt hekta på brudekjolar.

Kva er favoritten?

– Eg synest alle tiår har sin sjarm. No har eg byrja å synest at dei overdådige åttitalskjolane òg er litt spanande. Kanskje ikkje heilt Diana-kjolane, men eit hakk nedanfor, ler Siri.

Faktaboks

22 900 par gifta seg i 2014

To av tre gifter seg i månadane mellom mai og september

I snitt var førstegangsbruden 31,6 år og brudgomen 34,3 åri 2014

I 1974 var førstegangsbruden i snitt 22,8 år og brudgomen 25,2 år

I 1954 var førstegangsbruden i snitt 25,5 år og brudgomen 28,5 år

Kjelde: SSB