– Eg er litt redd for å rope rasisme

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Er litt redd for å rope rasisme

– Ein gjer elevar med innvandrarbakgrunn ei bjørneteneste når ein let dei sleppe nynorsk, meiner Aqila Gull Mian.

Ho legg til at det sjølvsagt er annleis for elevar som nyleg har kome til Noreg og slit med å meistre den eine målforma. Sjølv har ho budd her heile livet.

LES OGSÅ: Antirasisme skal inn i skulen

#nynorskrasisme?
Merkelappen #norskrasisme fått mykje mediemerksemd og har vore mellom dei mest populære blant norske Twitter-brukarar dei siste dagane.

Norskpakistanske Aqila er ei av dei som har fortalt si vesle historie på under 140 teikn:

Ho har pakistanske foreldre, men er oppvaksen i Bærum, der ho ikkje har vore utsett for mykje rasisme. Ho vart difor overraska over norsklæraren sitt utsegn, som kom i tredjeklasse på vidaregåande.

– Eg var verken betre eller dårlegare enn dei andre elevane, fortel 22-åringen, som reagerte på at læraren meinte ho hadde dårlegare føresetnadar for å lære nynorsk enn sine etnisk norske klassekameratar. Ho snakka jo flytande norsk, i tillegg til urdu og engelsk.

– Eg tolka det som ein krysning av dårleg formulering og rasistiske haldningar, seier Aqila, som peikar på at ein likevel må lære eit framandspråk.

LES OGSÅ: Frp garanterer færre innvandrarar

– Systematisk utvasking
Ho var den einaste i klassen med innvandrarbakgrunn, men kjenner ikkje at det er heilt naturleg å kalle seg annangenerasjons innvandrar. Norskpakistanar er ei term ho er meir komfortabel med.

Ein del av dei etnisk norske klassekameratane ville ha sett pris på moglegheita ho fekk til å velje vekk sidemål, men Aqila visste at det var nyttig med tanke på framtidige jusstudiar, der ein må lese nynorske lovtekstar.

– Eg tykkjer ikkje ein skal gjere sidemål valfritt. Det vert ei systematisk utvasking og forskjellsbehandling av nynorsk, meiner ho.

Det kom likevel noko positivt ut av læraren sitt utsegn. Aqila sette inn eit ekstra gir og fekk ein femmar i sidemål, noko læraren seinare gratulerte ho med.

LES OGSÅ: Held på sidemål – droppar mållova

Rasismespråket
Rasisme handlar ofte om språk, fordi det mellom anna er slik me uttrykker våre haldningar. I tillegg kan språket markere ein forskjell mellom folk.

Når Aqila flyr til Noreg snakkar folk utelukkande engelsk til ho. Det har òg hendt at folk ser ho direkte inn i augo og spør langsamt og tydeleg om ho forstår kva dei seier. Slikt tek ho i beste meining, og merkar at folk gjerne vert flaue etter å ha funne ut at ho meistrar norsk like godt som dei.

– Folk veit ikkje kva dei skal sei. Dei som er veldig bevisste på det må slutte å vere så nervøse, meiner ho.

Pakkis er eit ord, som nesten ikkje finnast i vokabularet hennar. Ho har ikkje vorte kalla det sidan barneskulen, og når nokon nyttar ordet skil ho mellom dei som nyttar det som eit skjellsord og dei som seier det på tull.

– Tommelfingerregelen er at om det hadde såra deg , skal du ikkje seie det til andre. 

Sjølv definerer Aqila rasisme som urettvis behandling på bakgrunn av religion eller etnisitet. Dei gongane ho sjølv har vore utsett for rasisme har det vore mest indirekte, gjennom til dømes kroppshaldningar. Det kjem oftast, men ikkje utelukkande, frå litt eldre personar.

– Men eg er litt redd for å rope rasisme, fortel Aqila.

LES OGSÅ: Minst tolerant i Nord-Europa

Negativt fokus
Aqila har saman med resten av Noreg følgt rasismedebatten i media og på Twitter. Ho trudde debatten skulle gå over snart, men der tok ho feil.

– Eg får litt bakoversveis når eg les av alt folk skriv at dei har opplevd, seier Aqila, som har inntrykk av at problemet er større på austkanten i Oslo.

Ho meiner debatten både er positiv og negativ. Ei ulempe er at det kan bidra til å gjere forskjellane mellom folk større. Det positive er at folk vert merksame på eit viktig problem. Ho set pris på at òg etniske nordmenn syner støtta si på 140 teikn.

– Men engasjementet på Twitter må ut i det verkelege liv, og slikt tek tid, meiner ho.

LES OGSÅ: Nettaktivistar mot rasisme

– Det finnast rasisme
Twitter-debatten er populær i media. Ho har sjølv inntrykk av at det ofte er avvika mellom innvandrarar som får merksemd. Folk har til dømes kome til ho og sagt at ho må gå ut i media og ta avstand frå Arfan Bhatti.

– Det er eit ansvar eg ikkje føler.

Ho trur at grunnen til at rasisme framleis er eit problem i Noreg, er at det er eit lite land, og at “våre nye landsmenn” framleis er ganske nye. Det er likevel ingen grunn til å tolerere det, for debatten har sett søkeljoset på eit problem.

– Det finnast rasisme i Noreg og ein kan ikkje skulde alt på framandfrykt og kunnskapsløyse, meiner studenten.