«Eg elskar Robert Eriksson»

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Robert Eriksson er altså han trøndaren med Nemo-blikket som var statsråd i eit kvarter no nylig.

Og det er altså boka hans eg elskar.

Ikkje at eg har lese boka, altså. Eller at det er nokon grunn til å elske boka. Det er ein politikarbiografi. Og alle politikarbiografiar er like. Inni er det litt for mykje sjølvskryt. Utanpå er det eit litt for stort nærbilde av ein mann, og ein tittel som kan få vaksne folk til å rødme. Det einaste politikarar er dårligare til enn å sjå avslappa ut på talk show, er å finne titlar til biografiane sine. «Et liv i kamp». «Mitt brennende hjerte». «I menneskenes tjeneste». «Rett fra levra». Dei heiter gjerne sånne ting. Erikssons bok heiter for sikkerheits skuld «Bare gjør det. Trofast rebell for Siv og Erna.» Det er for mykje. Vi får ta det ein annan gong. Det er ikkje viktig.


For grunnen til at eg elskar denne boka som eg ikkje har lese og som det eigentlig ikkje går an å elske, er at Eriksson i boka skriv om rykta som gjekk om at han hadde eit forhold til den politiske rådgivaren sin.

Eg elskar at han skriv om det. For vi som skriv i avisa kan ikkje skrive om slikt. For vi gjekk på ein kjempesmell for mange år sidan, då vi begynte å flotte oss med kor anstendige norske medier eigentlig er. I motsetning til i mange andre land, så skriv faktisk ikkje norske journalistar om privatlivet til politikarane våre, sa vi, og heva hakene våre. Og vi skriv ikkje om rykte. Og det er vi stolte av. Sa vi. Og når det først var sagt, så kunne vi jo ikkje ombestemme oss. Det var liksom dette vi hadde å klamre oss til. Kvar gong nokon kritiserte norske journalistar, så sa vi at norske journalistar er mykje meir anstendige enn journalistar i andre land, og vi veit masse om norske politikarar som vi ikkje skriv. Vi som skriv i avisa elskar å snakke om kor mykje vi veit som vi aldri skriv. Det kan vi snakke om i timesvis. Det går så mange rykte som vi aldri omtalar. Folk skulle berre visst. Seier vi. Og så kjenner vi kor anstendige vi er. Samtidig med at vi får antyda at norsk politikk, om du kjenner han frå innsida, er ein einaste lang orgie i utruskap, narkotika, fyll, lause rykte, lause folk og menneskelig fornedring.

Det er jo ikkje det. Dessverre. Det er jo det som er problemet.

Norsk politikk er, om du kjenner han frå innsida, drit kjedelig. Det skjer nesten ingenting. Det går mykje i møte der ganske flinke folk prøver å finne ut av ting, og stort sett gjer dei det. Sjølv til journalistar å vere, har vi som skriv om politikk svært kjedelige jobbar. Dei journalistane som jobbar med kultur og sport og underhaldning, dei høyrer på ny musikk, møter kjendisar, går på landskampar og Justin Bieber-konsertar. Vi tilbringer størsteparten av liva våre med sveitteringar og dårlig kaffi i lokale med mykje møterom. Og ofte sitt vi småfulle og åleine på triste Sandic-hotell og lurer på kvar liva våre blei av. Kvar det gjekk gale. Medan vi prøver å overtyde oss sjølve om at denne debatten vi skal på i morgon om grønt skifte, eigentlig er juicy som satan. Og det er då vi bestiller ein øl til og begynner å fantasere om at politikken var litt meir som West Wing og House of Cards, der lynande intelligente, tynne og kyniske menneske går og snakkar samtidig, når dei ikkje er opptatte med å øydelegge liva til kvarandre, eller ligge med kvarandre, eller ein kombinasjon av desse to. Og så sovnar vi. Og våknar dagen etter, tomme og tunge i hovudet, med kleda på.

Det er derfor eg elskar at Eriksson skriv om rykta om forholdet til rådgivaren. For då kan vi også skrive om det. Og vi kan skryte av kor anstendige vi har vore som ikkje har skrive om det før.

Sjølv om vi visste om rykta. Og så kan vi fortelje alle endå ein gong at vi veit så mykje som vi aldri skriv. Folk skulle berre visst kor mykje vi veit som vi aldri skriv. Om det fanst eit VM i å ikkje skrive om ting ein veit, så ville vi grusa alle.

Slik kan vi halde på. Lenge.

Det er ikkje mykje. Det er ikkje House of Cards. Men det er noko.

Det er nesten som å ha eit liv.


Først publisert i Aftenposten 24. september.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!