Eg deler, derfor er eg

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For nokre helger sidan var eg på ein fantastisk og strabasiøs skitur i Tafjordfjella saman med familien. Vi gjekk utan jakke, lue og vottar innover det vindstille fjellet, fulle av sveitte og høg solfaktor. Vi drakk kakao med krem og åt skiver med nugatti på soltørre lyngflekkar og på varme berg som stakk fram frå snøen. I sju timar gjekk vi, før vi kom fram på turistforeningshytta som var full av vaksne fjellfolk, hermetisk lapskaus og lovord om kor tøffe vi var som tok med småjentene på ein slik tur. Med dunjakke, cherroxar og hovudlykt trakka vi frå hytta over til utedoen i mange minusgrader med ein svart, glitrande stjernehimmel over oss, før jentene pussa tennene og slokna i soveposane.

Dagen etter gjekk vi ein like lang tur tilbake, og om kvelden kom vi seint heim. Før vi vaksne la oss, leita vi fram fotoapparatet og mobilane og la inn bileta frå turen på pcen. Vi bladde gjennom bileta nokre gonger, skrytte av dei tøffe jentene til kvarandre, pussa tennene og slokna under dyna. Utan at vi hadde fortalt om turen på Facebook. 

Neste dag var det måndag. Innlegga på Facebook denne måndagen var stort sett blå himmel, kvit snø og elegante skispor. Alle dei 603 vennene hadde tilsynelatande vore på fjellet i helga, og det fløymde over av "likar" og oppløftande kommentarar til dei sprekaste. I lunsjen på jobb måtte eg sjølv fortelje om turen, for ingen hadde sett at vi hadde vore der. Eg gjekk på butikken. Eg møtte folk eg kjende, men ingen som visste at i hadde vore på tur. Vi pakka ut, vi vaska klede, det vart kveld og det vart morgon, og vi hadde framleis ikkje delt bilete frå turen.

Og så var det liksom for seint. Tysdag ettermiddag hadde vi litt betre tid. Hadde eg følt for det, kunne eg lagt ut nokre flotte fjellbilete og ei velformulert setning om ei fantastisk helg og sterke jenter, men i Facebook-tid kjendes det som om det var for lenge sidan. Det kjendest litt rart å dele bilete frå ein to dagar gammal tur.

Og slik gjekk det til at historia om den fantastiske turen vår frå Grotli til Danskehytta vart verande eit blankt ark på verdsveven, og etter få dagar kjendes det som om vi ikkje hadde vore der i det heile. Det overraska meg at det eg legg ut på Facebook i så stor grad er med å definere kven eg er og kva eg gjer. Eg har ikkje Instagram, eg har ikkje Snapchat eller Twitter, eg deler relativt få av hendingane i livet mitt i digital skrift og bilete, likevel sat eg med ei kjensle av at turen var som ein halvspist is eller ei halvskriven setning. Ikkje fullført. Ikkje gjennomført. Berre fordi eg ikkje fekk fortalt om han til alle 603. Berre fordi eg ikkje kunne hanke inn dusinvis av "likar" frå folk eg vil skal like meg og sjå kor kule ting eg greier å gjere med ungane på slep.

Eg skamma meg litt. Var det ein slags delingsabstinensar eg gjekk og kjende på? Hadde eg ikkje eit så avslappa forhold til sosiale medier som eg likar å tru? Psykologispesialist Svein Øverland meiner vi blir påverka av sosiale medier i langt større grad enn vi sjølve er klar over. Han ser at svært mange av oss er opptekne av likarklikk, retvitringar og kommentarar. Di fleire, di betre. Dersom ein gjer noko som er kjekt, må det delast så raskt som råd, og aller helst i notid. Det kan nesten verke som om vi er redd vi ikke greier å nyte opplevingane like bra om vi ikkje deler det med alle, seier Øverland i eit intervju med magasinet KK.

Eg kjenner meg treft av dette. Men eg kjenner meg ikkje aleine. Vi er visstnok mange i same båt. Mange fleire enn vi sjølve kanskje vil innrømme. Delinga på nettet har blitt ei viktig stadfesting av vår eigen eksistens. Christian Nome Lepsøe skriv i kronikken «Skryteboken» at vi overgår oss sjølve i å prøve å imponere kvarandre. Vi bryt grenser i eit bankande køyr, berre for å få eit godt bilete med mobilen. Vi er i ferd med å skryte oss ut av alle proporsjonar. «For å imponere meg nå, må du gå barbeint over Grønland. Uten å fortelle det til noen!»

Og turen som eg ikkje fekk delt tidleg i april, no har eg snike meg til å dele han her.

No er han delt, så no har vi vore der.

Først publisert på Aasentunet.no.