Dyrare å ta opp att fag

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Frå og med 1. januar auka eksamensgebyra for privatistar og for kandidatar som melder seg opp til fag- og sveineprøver, opplyser Utdanningsdirektoratet.

LES OGSÅ: Vil gjere det strengare og dyrare for privatistar

Dyrt å forbetre
Medan det før kosta 367 kroner å melde seg opp til eksamen i eit fag du ikkje hadde teke tidlegare, ligg gebyret no på 1000 kroner. Dersom du har teke faget før og vil forbetre karakteren, kostar det deg no 2000 kroner. Gebyret låg tidlegare på 752 kroner.

For dei som melder seg opp til fag- og sveineprøver kostar det frå og med i år 853 kroner for den første prøva, og 1708 kroner ved fleire forsøk.

Gebyra vart bestemte av Stortinget i statsbudsjettet for 2015 og skal betalast til fylkeskommunen. (©NPK)

LES OGSÅ: Når skulen ikkje fungerer