Doktoren som kjempar for dataspel i skulen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kjempar for dataspel i skulen

– Eg har alltid vore opptatt av alternative undervisingsmetodar. Eg hadde sett ein del på leik i undervisning tidlegare, men ikkje gjennom spel, fortel Ísfold Sigurðardóttir.

Ho er opphavleg frå Mosfellsbær på Island, men sidan 2010 har ho budd i Noreg. Dei siste 4,5 åra har jobba med ei doktorgradsavhandling om spelbasert læring. I sommar forsvarte ho avhandlinga ved NTNU i Trondheim.

– Stipendiatet var spelbasert læring, men eg stod veldig fritt til kva eg ville sjå på. Eg laga eit prosjekt som var basert på interessene mine – å motivere gjennom leik og læring.

Ho er no førsteamanuensis ved Avdeling for næring, samfunn og natur ved Nord universitet i Steinkjer. Frå tidlegare av har ho mellom anna ei lærarutdanning.

LES OGSÅ: – Dataspel kan kutta skulen med to år

– Blir stigmatiserte
Ísfold Sigurðardóttir fortel at mange framleis ser på spelbasert læring som kontroversielt. Forklaringa ligg delvis i korleis dataspel blir omtalt i media. Etter ein større analyse av omtalen til norske aviser av dataspel mellom 2000 og 2013, var resultatet nedslåande.

– Mediediskursen viser at dataspel blir stigmatiserte, men med ein gong ein nemner læring, skule eller liknande, så blir det motsett av stigmatisering – då er det plutseleg eit kjempetiltak.

Utan læringssida blir dataspel presenterte negativt, noko som gjer at samfunnet – inkludert lærarar, rektorar og foreldre – får eit negativ bilde, ifølgje forskinga til islendingen.

– Først når unge i dag veks opp trur eg dataspel vil få den statusen dei fortener i den norske skulen, meiner Ísfold Sigurðardóttir.

LES OGSÅ: Dataspel reddar ungdommen

Variasjon som nøkkelord
Tittelen på avhandlinga hennar er «Concern, creativity and compliance: – The Phenomenon of digital game-based learning in Norwegian education.» Ifølgje avhandlinga har spelbasert læring fått tyngre vilkår på grunn av slektskapen mellom dataspel og underhaldning.

– Eg både trur og håper at dataspel no er på veg ut av den mistenkjelege sona dei er innestengt i. Som med alt anna er variasjon eit nøkkelord. Dataspel er eitt av veldig mange spennande pedagogiske verktøy, der tilpassa opplæring og varierte undervisingsmetodar, som i alle andre fag, er heilt avgjerande suksessfaktorar.

Ísfold Sigurðardóttir trur derimot ikkje at vi treng ein revolusjon for å få spelbasert læring inn som noko daglegdags i skulesystemet.

– Men det vil ta tid. I dag er dei fleste lærarane som driv med spelbasert læring entusiastar – dei har kjempa det fram i ulike skulemiljø for å få bruke det i undervisninga.

LES OGSÅ: Dataspel i skulen

Dei fleste ungar speler dataspel, men ikkje alle gjer det på skulen for å læra noko. Foto: Frank May / NTB scanpix / NPK

Treng ressursar
Speldoktoren har intervjua eit større tal på lærarar og elevar til avhandlinga. Betre utstyr og større ressursar er noko «alle» spør etter.

– Det er for enkelt å seie at ting vil løyse seg om alle skular frå nye PC-ar, nettbrett og så vidare, men noko må tilførast. Styresmaktene kan i tillegg vere modigare, ta imot gode idear og satse meir på alternative undervisingsmetodar, meiner Ísfold Sigurðardóttir.

Å få spelbasert læring inn i lærarutdanninga og få i stand betre standardar og handbøker i korleis ein skal bruke dataspel i undervisninga, er også ting forskaren etterlyser. I tillegg må ein slutte med å bruke dataspel berre som påskjønning.

– Sjølv om eg har veldig tru på dataspel, så er det ingen som hevdar at alle dataspel skal passe for alle – alltid. Men det som er viktig er at skulane ser at dataspel kan vere sjølve læringa, ikkje berre noko elevane får bruke etter at andre oppgåver er fullført, meiner spelforskaren som tilrår Facebook-gruppa «Spillbasert læring» til lærarar som er interesserte i temaet. (©NPK)

LES OGSÅ: Zombiespel inn i klasserommet