– Diskriminering er feil uansett kva formålet er

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

UiB vil kvotera gutar – ser raudt

Denne saka vart først publisert på Studvest.no.

– Dette vil utestenge flinke jenter, seier Håkon Block Vagle, styremedlem i Bergen Unge Høgre, om at Universitetet i Bergen (UiB) har bedt Kunnskapsdepartementet om lov til å kvotere inn 30 prosent menn blant psykologistudentane.

– Kvotering er eit dårleg tiltak. For det første er det urettferdig for dei jentene som har jobba knallhardt for gode karakterar, for deretter å få draumen knust fordi dei har feil kjønn. Dette er definisjonen på diskriminering, og er feil uansett kva formålet er. For det andre er dette ei altfor lettvint ordning, som ikkje løyser det eigentlege problemet, seier Block Vagle.

Les også: Psykologistudent laga film om karakterpresset

Skeiv kjønnsbalanse
Hausten 2016 er første gong ein søker direkte opptak til det seksårige profesjonsstudiumet i psykologi gjennom Samordna opptak. 1280 søkarar kjempar om dei 87 studieplassane, og instituttet er sjølv veldig spente på kjønnsbalansen. I dag er 77 prosent av studentane kvinner på studiet, ein trend som har vore stabil i mange år.

– Universitetet i Oslo har bedt om den same kvoteringsløysinga som oss. Det er viktig at Norge utdannar psykologar med ulik bakgrunn, seier Dekan Jarle Eid på Det psykologiske fakultet (Psyk.fak) tilPå Høyden.

Les også: Kjønnspoeng – òg til menn

Viktig med mannlige terapeutar
Før jul vedtok Studentparlamentet ved Universitetet i Bergen (SP-UiB) ein resolusjon for ei meir kjønnsbalansert studentrekruttering. Tala viser nemleg at over 60 prosent av studentmassen er kvinner, og i profesjonsutdanningar som medisin, odontologi og psykologi er det under 30 prosent menn. Handlingsplanen til universitetet etterlyser ein kjønnsbalanse på 40-60, noko psykologistudiet ikkje er i nærleiken av.

– At UiB ber om kvotering er kjempeviktig. Kanskje spesielt viktig innan psykologi-utdanningar som utdannar psykologar. Desse skal på sikt tilby ei teneste ingen andre kan tilby, og at denne tenesta er kjønnsbalansert kan vere avgjerande for tilbodet. Å kunne velje kva kjønn terapeuten din har, når ein er i sårbare situasjonar, kan vere utruleg viktig, seier Johanne Vaagland, leiar og likestillingansvarleg i SP-UiB.

– I tillegg til dette viser undersøkingar at eit meir kjønnsbalansert studie gir betre studiemiljø, så kjønnskvotering har fleire positive sider, seier Vaagland.

Les også: Vil ha fleire menn på psykologistudiet

Eit større samfunnsproblem
NTNU er ein av fleire skular som, med god erfaring, har nytta kvotering for å jamne ut kjønnsbalansen i fleire av sine studium. Endringane førte til at fleire kvinner søkte seg til mannsdominerte studiar, og at andelen kvinner i arbeidslivet økte. Block Vagle meiner likevel det er for tidleg for UiB å be om gutekvotering.

– UiB burde sett på alternative løysingar før kjønnskvotering. At gutar har lågare karakterar enn jenter, er ein del av eit større samfunnsproblem. Ei kvoteløysing skyv berre problemet under teppet, og gutar vil framleis vere taparane i skulen. Om alle skulle gjort slik som UiB, blir ein aldri kvitt trenden der ein manglar gutar i dei klassiske «prestisjestudiane», seier ungdomspolitikaren, og peikar på at her må det gjerast tiltak mykje tidlegare om ein skal få gutar opp på det same karakternivået som jentene.

Dette er leiar og likestillingansvarleg i SP enig i:

– Eg er heilt einig med Block Vagle om at dette ikkje løyser problemet med at gutar har lågare karakterar enn jenter. For å løyse dette på lang sikt, må ein inn og sjå kva ein kan gjere annleis gjennom heile utdanningsløpet, frå barneskule til vidaregåande. Men å innføre gutekvote på psykologi er det UiB kan bidra med i første runde, seier Vaagland.

– Å få gutar opp på karakternivået til jenter vil ta tid. Er ikkje UiB si kvoteløysing eit greit tiltak for å effektivt jamne ut kjønnsbalansen?

– Kjønnskvotering er og blir diskriminering, og må alltid vere siste utveg når ein har prøvd alt anna først. UiB burde ha større fokus på rekruttering, og bli endå flinkare å invitere dei flinke gutane til å søke. Ei anna løysing er å utvide talet på studieplassar, slik at ein óg får inn dei gutane som er litt dårlegare enn jentene, utan å ta frå dei ein hardtarbeida og fortent plass, seier Block Vagle.