Dikt, overgrep og svart humor

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I dag – torsdag 10. november – offentleggjorde Foreningen !les dei åtte kritikarfavorittane som er nominert til Ungdommens kritikarpris.

Dei nominerte bøkene er norske skjønnlitterære vaksenbøker utgitt i 2016. Fram til mars 2017 skal over 150 elevar fordelt på sju juryklassar frå ulike linjer lese og vurdera bøkene.

Dei nominerte er:

Nina Lykke: Nei og atter nei. Oktober

Vigdis Hjorth: Arv og miljø. Cappelen Damm

Thomas Marco Blatt: Varsjøen. Kolon

Kjartan Hatløy: Den kvite vegen:stemningar frå SalbuOktober

Gro Dahle: Søster. Cappelen Damm

Terje Holtet Larsen: Angiveren. Oktober

Victoria Kielland: Dammyr. No Comprendo Press

Inghill Johansen: Bungalow. Oktober

Jurymedlem og kritikar i Bergens Tidende, Silje Stavrum Norevik, fortel at ein usedvanlig sterk bokhaust gjorde det utfordrande å skjære ned til desse åtte kandidatane

– Dei nominerte er nokså ulike i tematikk og komposisjon. Fleire byr på nådelause portrett av middelklasse-nordmenn, medan andre skildrar brutaliteten som kan oppstå i nære relasjonar. Samtidig er humoren nærliggjande. Eit fellestrekk, anten det er poesi eller prosa, er ei eiga språkleg klo, seier Norevik i ei pressemelding.

Nynorsk poesi
Gro Dahle og Kjartan Hatløy står for poesien blant nominasjonane. Hatløy sine dikt i Den kvite vegen: stemningar frå Salbu, som er utgitt på forlaget Oktober, er einaste nynorskutgjevinga blant dei nominerte. Her tek han lesaren med til heimplassen sin ytst i Sognefjorden.

Forlaget Oktober har kapra halvparten av nominasjonane på ei elles svært variert liste.

Daglig leiar i Foreningen !les, Wanda Voldner, gler seg til å høyre elevane sitt syn på desse bøkene.

– Vi får alltid gode og uventa svar når vi spør ungdom om deira meiningar om kritikarroste bøker, seier Voldner i pressemeldinga.

Prisutdelinga finn stad på Sentralen i Oslo torsdag 9. mars 2017.

Faktaboks

Juryklassene er:
Akershus: Bjertnes, 2. klasse STF
Sør-Trøndelag: Strinda, 2. klasse STF
Finnmark: Kirkenes, 2. klasse, Helse og oppvekst
Hordaland: Knarvik – Hordaland, 2. klasse STF
Hedmark: Hamar katedralskole, 2. klasse STF
Rogaland: Stavanger offshore, 2. klasse, Brønnteknikk
Aust-Agder: Møglestu, 1. klasse STF