Diesel frå luft og vatn

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er prosjektet Sunfire som har blitt presentert – Audi sin diesel laga på berre luft og vatn, utan fossile brennstoff i det heile. Med ein prosess som blir kalla elektrolyse spaltar dei vatn (H20) til hydrogen og oksygen. Hydrogenet reagerer med karbonmonoksid (CO), som dei tek frå karbondioksid (CO2) i lufta.

LES OGSÅ: Er whisky framtidas drivstoff?

Dette blir til diesel som – visstnok – fungerer veldig godt på dei motorane me har i dag. Ifølgje pressemeldinga til Audi har dieselen til Sunfire, som har fått namnet «Blue Crude».

I denne videoen presenterer Audi produktet, og forklarar meir korleis framstillinga fungerer – ein prosess som skal vera mogleg å gjennomføra på industrielt nivå.

Audi meiner prosessen skal vera klimanøytral, om ein tek straumen ein treng til framstillinga frå fornybare kjelder.

Seniorrådgivar ved Sintef, Bernd Wittgens, er positiv til gjennombrotet, ifølgje NRK.

– Dette er teknisk mogleg, og økonomisk mogleg dersom ein har veldig billig straum, sier Wittgens.

Om eit slikt drivstoff kan ta av, har det fleire fordelar.

– Fordelen med denne teknologien er at du kan nytta dagens infrastruktur med bensinstasjonar, og dagens motorkonsept med bensinmotorar, seier Wittgens til NRK.

LES OGSÅ: Dei skal fly rundt jorda utan drivstoff