Dette tredoblar fråfallsrisikoen

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Livsstil ser ut til å vere like viktig som psykisk helse når det gjeld risikoen for å droppe ut av skulen, syner ei ny studie.  

Frå før av veit ein at ungdommar som slit psykisk på ungdomsskulen, oftare fell frå når dei kjem opp i vidaregåande skule. Det gjeld spesielt ungdom som slit med åtferdsproblem og symptom på hyperaktivitet, skriv Høgskolen i Hedmark på sine nettsider.

Særleg på yrkesfag er fråfallet stort for denne gruppa ungdommar.

Tre skumle faktorar
Studiar har òg avdekka at dei som fell frå på vidaregåande skule oftare går på trygd enn andre.

– Det som i liten grad er vorte studert tidligare er betydinga av røyking, alkoholmisbruk og fysisk aktivitet, seier professor Lars Lien ved Høgskolen i Hedmark, på skulen sine nettsider.

Saman med ei gruppe forskarar ved Regionsenter for barn og unges psykiske helse i Helseregion Øst og Sør, har Lien analysert data om helseåtferd og sosiale forhold blant omlag 11.000 ungdomsskuleelevar.

Elevane er følgt mellom seks og ti år etter å ha fullført ungdomsskulen, for å sjå korleis den psykiske helsa og åtferda på ungdomsskulen påverkar seinare skulegong.

Studien er publisert i BMC Public Health.

LES OGSÅ: Røyking halvert på ti år

Røyk farlegast for skulegongen
Forskarane har funne at røyking, alkoholmisbruk og fysisk aktivitet har samanheng med skulefråfall. Sterkast er samanhengen mellom røyking og fråfall i den vidaregåande skulen.

– Sjølv om me kontrollerer for ei rekkje forhold, inkludert psykisk helse, har dei som røykjer nesten tre gongar høgare risiko for å droppe ut av vidaregåande skule, seier Lien.

Elevar med låg eller ingen fysisk aktivitet hadde òg høg risiko for å droppe ut, medan risikoen var noko mindre for dei som drakk alkohol.

Forskaren peikar på at det å forstå årsakene til fråfall er viktig for å vete kva tiltak ein skal setje i gong for å redusere problemet.

LES OGSÅ: Farleg fråfall

Gutar som fell frå
Studien syner at det er fleire gutar enn jenter som fell frå.

Det syner seg likevel at mellom røykarane er kjønnsbalansen jamnare. Jenter som røykjer har like stor risiko for å droppe ut av skulen, som gutar som gjer det.

Alkohol og lite fysisk aktivitet aukar fråfallsrisikoen blant gutar meir enn jenter, medan angst og depresjon oftare får jenter til å droppe ut.

LES OGSÅ: Trur kommunen kan hindre fråfall

Yrkesfagproblemet
Studien syner òg at fråfall er eit større problem i yrkesfaga. Dette har samanheng med karakternivået, som i snitt er lågare enn for elevar på studiespesialiserande linjer.

Lien meiner difor at det på dette området er mykje som kan gjerast for å hindra fråfall.

– Om skulen kan heva kunnskapsnivået til dei som får dårlegast karakter gjennom betre oppfølging ved skadelig helseåtferd og tidlig oppdaging av psykiske vanskar vil dette kunne gje ein betydeleg reduksjon i fråfall frå vidaregåande skule, seier Lien.

LES OGSÅ: – Matte bestemmer fråfall i skulen