Dette står høgast på ønskelista

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ingrid Ophaug Dahl, nasjonal talsperson, Grøn Ungdom

Kva har gledd deg mest i 2013?
– Det som kanskje gleda meg aller mest, var at Dei Grøne kom inn på Stortinget.

Kva har skuffa deg mest i 2013?
– At korkje den avtroppande eller den påtroppande regjeringa heiv seg med i klimakampen.

Kva er det største ønsket ditt for 2014?
– At oljefondet sluttar å investere i fossil energi. Kan eg få eit ønske til? SNØ! Eg fekk skidress til jul.


Andreas Halse, leiar i Sosialistisk Ungdom

Kva har gledd deg mest i 2013?
– At SU saman med store delar av fagrørsla fikk gjennomslag for å auka stipendsatsane for 40000 elevar på yrkesfaglege program på vidaregåande. 

Kva har skuffa deg mest i 2013?
– At den nye regjeringa fjerna 11 månaders studiestøtte frå statsbudsjettet.

Kva er det største ønsket ditt for 2014?
– Ei verd der fleire enn i dag har høve til å ytra seg fritt, organisera seg for rettane sine og stemma i frie val.

Himanshu Gulati, formann for Framstegspartiets Ungdom

Kva har gledd deg mest i 2013?
– For oss i FpU må det openbart vera regjeringskiftet. Det er veldig stort og historisk for oss at FrP for første gong i historien nå er med og styrer landet.

Kva har skuffa deg mest i 2013?
– Det er alltid både store og små ting ein føler kunne vore betre med tanke på arbeidet ein gjer for organisasjonen sin. Eg vil difor heller trekka fram det eg ser på som dei største bekymringane i året som har gått, og det er korleis situasjonen ute i verda har forverra seg betrakteleg i stader som for eksempel Syria.

Kva er det største ønsket ditt for 2014?
– Som FpU-formann er det at den nye regjeringa må visa resultat slik at me tydeleg kan visa kva som utgjer forskjellen med FrP i regjering. Det er no arbeidet virkeleg begynner for oss.

Emil André Erstad, leiar i KrFU

Kva har gledd deg mest i 2013?
– Det som har gledd meg mest i 2013 var sjølvsagt at eg blei pappa på heimebane. Men det var elles veldig, veldig gøy å få gjennomslag for oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja. I tillegg var det viktig at me fekk gjennomslag for nei til tidleg ultralyd og sånn sett bremsa reisa mot sorteringssamfunent. Ikkje minst var det stort å få gjennomslag for land-for-landrapportering på Stortinget, slik at ein større del av kaka vil koma fattige land til gode.

Kva har skuffa deg mest i 2013?
– At utviklingsministeren forsvann. Eg har trua på Børge Brende som utanriksminister, men heller ikkje han er Supermann og kan ikkje gjere alt sjølv.

Kva er det største ønsket ditt for 2014?
– At vi får ein endå meir offensiv utviklingspolitikk som brukar Oljefondet aktivt til grøne investeringar, og at ein mykje større del av investeringane skjer i utviklingsland slik at dei aller fattigaste blir løfta ut av fattigdom. I tillegg håpar eg dette er året me for alvor starta på arbeidet med å bli ein fornybarnasjon. Viss eg også skal koma med eit personleg ønske, så håpar eg å bli litt betre til å snakka fransk.

Stian Seland, styreleiar i Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU)

Kva har gledd deg mest i 2013?
– Det som gledde meg mest i 2013 er den rekordhøge valdeltakinga blant ungdom ved Stortingsvalet. Blant førstegongsveljarane gjekk valdeltakinga opp med 10 prosentpoeng, ein må tilbake til 1989 for å finne høgare valdeltaking. Saman med medlemsorganisasjonane våre hadde LNU kampanjen Stem 9/9. Valet har vist at det nyttar å gi valet skikkeleg merksemd og no har vi oppskrifta på korleis vi kan få høg valdeltaking blant ungdom.

Kva har skuffa deg mest i 2013?
– Statsbudsjettet frå den førre regjeringa og tilleggsproposisjonen var båe skuffande for barne- og ungdomsorganisasjonane. Den nye regjeringa har sagt at dei vil forenkle og styrke dei økonomiske ordningane til frivillige organisasjonar. No må den nye regjeringa vise dette ikkje berre i ord, men også i tal.

Kva er det største ønsket ditt for 2014?
– Det største ønsket mitt for 2014 er at kommunalminister Jan Tore Sanner tek initiativ til eit utvida forsøk med røysterett for 16-åringar i 2015. Med den rekordhøge valdeltakinga blant ungdom ved førre val er det viktig at ein no ser kva meir enn kan gjere for å sikre endå høgare valdeltaking i framtida. Forsøket i 2011 gav veldig lovande resultat, men det var eit veldig lite forsøk med 20 tilfelleleg valde kommunar. I det neste forsøket bør ein la alle kommunar som ønskjer det få delta, slik at ein kan få mest mogeleg kunnskap og erfaringar.

Ola Magnussen Rydje, leiar av Norsk studentorganisasjon

Kva har gledd deg mest i 2013?
– Innføringa av 11 månader studiestøtte i det siste budsjettet til den raudgrøne regjeringa. 

Kva har skuffa deg mest i 2013?
– Kuttinga av 11 månader studiestøtte i det første budsjettet til Høgre, Frp, Venstre og KrF. 

Kva er det største ønsket ditt for 2014?
– At regjeringa auker studiestøtta sjølv, eller at KrF og Venstre bruker makta si i midten til å innfri på løfta dei gjekk til val på. Kvaliteten på utdanningen treng nokon studentheltar som held ord.

Gunn Jorunn Sørum, styreleiar i Norges Bygdeungdomslag

Kva har gledd deg mest i 2013?
– At talet på førstegongsveljarar gjekk opp med heile 10 prosentpoeng! Norges Bygdeungdomslag har jobba aktivt for å auka valdeltakinga blant unge sidan 2005, med prosjektet vårt "Stem.Bestem!". No håper me at dei viktige ungdomssakene òg hamnar på dagsorden utanom valkampen – der har politikarane våre eit stort ansvar for å sikra at ungdom får og held på interessa for politikk og politisk deltaking. 

Kva har skuffa deg mest i 2013?
– At regjeringa går inn for å bygge ned store areal dyrka jord. Vestby og Trondheim er dei best kjente eksempla der regjeringa har gjort vedtak om omdisponering til høvesvis bustadformål og nytt IKEA-varehus. Matjordressursane i Norge er knappe og matvaretilgangen internasjonalt er usikker. Da er me nøydde til å ta vare på og bruka den matjorda me har til matproduksjon, ikkje berre for vår eigen del, men også for framtidige generasjonar. 

Kva er det største ønsket ditt for 2014?
– At endå fleire ungdommar finn vegen til Norges Bygdeungdomslag! Organisasjonen har vore i vekst i fleire år, noko som inneber auka aktivitet lokalt, fleire tillitsvalde som får opplæring i ein knallbra organisasjonsskule og større politisk slagkraft og engasjement. Eit større og sterkare Norges Bygdeungdomslag er synonymt med fleire levande bygder og gode bygdeliv, og det er moro å oppleva at stadig fleire ser kor viktig organisasjonen er.

Vebjørn Sture, leiar i Norsk Målungdom

Kva har gledd deg mest i 2013?
– Å verta trulova. Men av dei mange språkpolitiske gledene i 2013 (som vel er av noko større relevans for lesarane …), var det aller gjævast då me vann fram med kravet om både språkleg likestilling og tidleg start med sidemål i den reviderte læreplanen for norskfaget. Det var faktisk ein kjempesiger.

Kva har skuffa deg mest i 2013?
– Rullegardina gjekk verkeleg ned for meg då han eine Oslo-muppeten på Dialektriket fekk latterkrampe av Østfold-dialekt. Eg visste jo frå før at dialektar på flataustlandet vert mykje hetsa og sett ned på, men det gjer meg like inderleg forbanna kvar gong.

Kva er det største ønsket ditt for 2014?
– At eg får ynskja meg tre ting i staden for ein. Og i så fall ynskjer eg meg fred på jord, betre arbeidstidsavtalar for norsklærarane, og at du som les dette – DU, ja – får ut fingeren og melder deg inn i Norsk Målungdom.

Liv Andrea Holm Heide, leiar i Elevorganisasjonen:

Kva har gledd deg mest i 2013?
– Å bli vald som leiar av Elevorganisasjonen, og alle dei fantastiske opplevingane som kom som følgje av dette. Det har definitivt vore det beste. I tillegg til at mobbing har kome på dagsorden, og at skule, kunnskap og elevane var nokre av hovudtemaene i nyttårstalen til Erna.

Kva har skuffa deg mest i 2013?
– At Justisdepartementet ikkje tok standpunkt i saka om narkorazziaer i skulen. Men me ventar framleis i spenning på evalueringa! 

Kva er det største ønsket ditt for 2014?
– At det blir gjort noko med vurderingspraksisen i Noreg, og at ein tør å tenka nytt innanfor vurdering. Og at alle elever skal trivast på skulen og at me framleis skal bekjempa mobbing, men der har me framleis ein lang veg å gå. 

Andrea Sjøvoll, leiar i Press – Redd Barna Ungdom

Kva har gledd deg mest i 2013?
– At regjeringa vedtok å slutta med returar av einslege asylsøkande born tilbake til andre europeiske land (Dublin-land), då dette er noko PRESS har jobba med å få ein slutt på sidan 2009. PRESS håpar dette, saman med andre tiltak, vil få ned talet på forsvinningar frå norske asylmottak. At ein endeleg fekk igjennom ein internasjonal våpenhandelsavtale i FN var òg ei stor glede for alle oss som har kjempa for det! Generelt har det gledd meg å sjå PRESSarar og andre unge som kvar dag kjempar for at born skal få rettane sine innfridd. 


Kva har skuffa deg mest i 2013?
– Då ein trudde samarbeidsavtalen mellom regjeringa, KrF og Venstre kom med ei løysing for dei lengeverande asylsøkande borna, men me fann ut at løysinga ville omfatta svært få av desse borna. At regjeringa og samarbeidspartnarane kunne gje borna forhåpningar éin kveld og så knusa dei dagen etter, er noko av det verste eg har sett i året som har gått. 


Kva er det største ønsket ditt for 2014?
– Eg har veldig mange ynskje for det nye året. Ein ser i samfunnet i dag at ungdom blir utsett for stadig større kroppspress. Overalt møter ein bodskapen frå reklame- og mediebransjen om at det berre finst ein måte å vere ven på, at ungdom blir fortalt at dei er feil. Man må i større grad å ta på alvor kva dette gjer med den psykiske helsa til unge. Barne- og Likestillingsdepartementet har varsla at ei utgreiing om unge og kroppspress skal koma i 2014. Me håpar denne konkluderer med gode tiltak, som merking av retusjert reklame. PRESS skal no i januar, som alle andre år, dela ut Gullbarbie for 2013. Det er ein pris der ungdom røystar fram ein vinnar innan reklame- og mediebransjen som er best på å få ungdom til å føla seg verst. Dette kjem me til å gjera heilt til reklame- og mediebransjen tar ansvaret sitt på alvor. Og me håpar òg at regjeringa bruker 2014 til å ta delen sin av ansvaret.

– Elles er vel det største ønsket mitt, som eg har ynskt meg kvart år og PRESS har jobba med sidan me blei starta, at Noreg endeleg skal gi einslege asylsøkande born den omsorga dei har rett på frå barnevernet. At barnevernet ikkje berre skal ta vare på dei minste borna, men òg borna over 15 år, for born er born uansett!

Kva står på ønskelista di for 2014? Del tankane dine for det nye året i kommentarfeltet under!