Dette kan skje med eit sjølvstendig Skottland

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kvar går Skottland?

I går skreiv me om bakgrunnen for Skottland sitt ønskje om sjølvstende. Kort oppsummert er det eit ønskje om sjølvstende, og ein sterk skotsk identitet som har eksistert – og blitt forsterka – sidan dei gjekk i union med England i 1707.

18. september, om ein knapp månad, går skottane til valurnene for å svara på spørsmålet om dei vil verta eit sjølvstendig land. Men kva skjer om svaret blir ja?

LES OGSÅ: Kvifor vil skottane ut av Storbritannia?

Det store dokumentet
I fjor haust la Scottish National Party (SNP) fram eit dokument, eit leksikon på nær 700 sider, som i detalj skulle visa korleis eit sjølvstendig Skottland vil sjå ut. Planen var å behalda dronning Elizabeth II som monark, å behalda pundet og å halda på EU-medlemsskapet, medan dei laga ein ny grunnlov, eit eige forsvar, og heldt på 90 prosent av oljeressursane på sokkelen sin. Ambisiøst, og tilnærma umogleg, meiner mange.

LES OGSÅ: Levde tett på rakettangrepa i Israel

Pundet?
Det absolutt såraste temaet i debatten er valutaen. Skottane ligg under pundet, og den britiske sentralbanken, men har likevel sine eigne sedlar. Dette fører og til frustrasjon – som ei kvinne i publikum under TV-debatten for to veker sidan formulerte det: "Have you ever tried to pay a London taxi driver with a Scottish 20 pound note?"

Det var eit av fleire høgdepunkt, som du kan sjå på Youtube. Under den same debatten, den første TV-debatten om folkeavstemminga, var valutaen eit heftig diskutert tema. Og så klart er det viktig, for det handlar om meir enn kva symbol det er naturleg å bruka i omtalen – £ eller $?

Valutaen er kontrollert av ein sentralbank, og verdien skal vera vurdert etter fysiske reservar – til dømes var den amerikanske dollaren i utgangspunktet målt etter dei amerikanske gullreservane (noko som er bakgrunn for uttrykket «god som gull»).

Espen Aas, NRK sin Storbritannia-korrespondent forklarar litt meir av problemet for Skottland.

– Skottane har jo i dag sine eigne sedlar, men det er framleis ein del av det britiske pundet. I London har finansdepartementet sagt at det er heilt uaktuelt å ha ein valuta-union med eit sjølvstendig Skottland, medan nasjonalistane seier dei har like stor rett på pundet som England, Wales og Nord-Irland.

Det er lite truleg at britane går med på å lata Skottland behalda pundet som sin valuta, regulert av den britiske sentralbanken. Euroen er eit anna alternativ, men den er heller ikkje sikker.

– For sjølv om skottane er langt meir positive til EU enn dei sør for grensa, er ikkje alle like klare for å gå over til valutaunionen i tillegg. Valutaen er ein viktig del av identiteten deira, forklarar Aas.

Nokon har til og med lagt fram den norske krona som eit forslag, sidan økonomien til Skottland vil bli oljedominert.

LES OGSÅ: Dette har du aldri lurt på

Til Norden
Eit noko urealistisk forslag om å nytta den norske krona som valuta er ikkje den einaste tilknytinga det kan bli mellom Noreg og eit potensielt sjølvstendig Skottland. Det har vore diskutert om Skottland skal knyta tettare band til Skandinavia om dei blir sjølvstendige – basert på geografi, historie og ikkje minst oljeressursane i Nordsjøen.

Til NRK sa SNP sin utanrikspolitiske talsmann, Angus Robertson, at ein søknad til Nordisk Råd står høgt på prioriteringslista dersom skottane svarar ja på spørsmålet om sjølvstende 18. september.

– Skottane har allereie vore i kontakt med Nordisk Råd, og Nordisk Råd har sagt dei let døra stå på gløtt og så ser dei kva som skjer, seier Jan Erik Mustad ved Universitetet i Agder til Framtida.no

LES OGSÅ: – Stikk på pungen er ikkje verst

Håpet om oljefond
Men det er ikkje like enkelt å få ein blomstrande oljeøkonomi som SNP vil ha det til, sjølv om skotsk sokkel har dei største oljereservane i EU, ifølgje Wikipedia – og Aberdeen har fått tittelen som oljehovudstad. I union må mykje av ressursane delast med resten av Storbritannia, og mange skottar meiner vegen til London er for lang, og at for lite kjem tilbake.

Grunna oljerikdommen har Skottland og ofte sett mot Noreg som samanlikning. Håpet er å få til det same som Noreg, med sterke velferdsordningar og eit stort oljefond.

NRK sin Storbritannia-korrespondent, Espen Aas, trur det kan bli vanskeleg.

– Skotske nasjonalistar samanliknar seg heile tida med oss i Noreg, og meiner og at dei skal klara å oppretta eit eige oljefond om dei får styra ressursane sjølv. Men som eg har sagt til fleire skottar – Noreg gjorde det i omvendt rekkefølgje. Me vart uavhengige, så fann me oljen, seier Aas.

Storbritannia-ekspert Jan Erik Mustad ved Universitetet i Agder er samd i at det kan bli tøft for Skottland å nyta like godt av oljerikdommen som me har gjort her heime. Han pleier ofte å dempa si eiga meining i spørsmålet, men han trur Skottland vil ha det best i union.

– Storbritannia har mykje gjeld, som Skottland må ta ein del av om dei går solo. Då startar dei med minus om dei blir uavhengige. Dei vil heller ikkje få alle oljeressursane for seg sjølv, men dei ønskjer å sjå på kva me har gjort når det gjeld olje, forklarar Mustad.

LES OGSÅ: FN: Heitebølgjer er klimakatastrofer

Er det i det heile tatt praktisk mogleg for Skottland å bli sjølvstendige? Foto: Svein Olav Langåker

Er det mogleg?
Om ein ser vekk frå diskusjonane om valuta og oljeressursar, er det endå mange tema som må diskuterast. Er Skottland i det heile klare for å verta sjølvstendige?

– På ei side er dei institusjonelt klare, dei har infrastrukturen som skal til. Men det er for mange uløyste saksområde. Det er mykje usikkerheit, og det ser me i meiningsmålingane. Spør du folk, er dei usikre på kva eit sjølvstendig Skottland skal bli, trass i den store rapporten frå i fjor haust, seier Jan Erik Mustad.

Og meiningsmålingane viser førebels eit fleirtal for å halda på unionen – sjølv om Ja-sida og SNP tek innpå. Ved siste meiningsmåling var det, om ein tok vekk dei som ikkje hadde bestemt seg, 55 prosent som svara nei til sjølvstende, og 45 som svara ja.

LES OGSÅ: Den evige jakta på Raude Khmer

Kva blir igjen?
Ei anna problemstilling er kva som vil skje med resten av Storbritannia dersom Skottland går for seg sjølv. Jan Erik Mustad fryktar skilsmissa kan få konsekvensar for britane og.

– Eg trur me vil få to taparar. Eg er overbevist om at resten av unionen vil slita, Storbritannia er ei stormakt berre basert på historie. Det er eit av dei største medlemma i EU, men likevel eit heilt normalt vestleg land. Det er historia samt ei sterk allianse med USA som gir Storbritannia plass i Sikkerheitsrådet og det internasjonale samfunnet.

Kva som kan skje med resten av Storbritannia er og godt forklart i denne TV-reportasjen frå Channel 4 News. Svaret på kva som eigentleg vil skje, får me først vita etter folkeavstemminga 18. september.

Faktaboks

Dette er bakgrunnen for folkeavstemminga:
18. september skal skottane til valurnene, og svara ja eller nei på spørsmålet om dei vil ha eit sjølvstendig Skottland.

Skottland har vore i union med England sidan 1707.

I 1999 fekk Skottland eit eige parlament, og ei eiga sjølvstyreregjering. Det fekk fram dei politiske skilnadene mellom England og Skottland.

Sjølvråderetten er eit viktig argument for ja-sida, meiner Jan Erik Mustad ved Universitetet i Agder. Sjølvstyre over eigne ressursar og politikk er viktig for den skotske identiteten.

Den politiske usemja er og viktig – mange skottar er frustrerte over at dei blir sitjande med ei høgredominert regjering når fleirtalet i Skottland er meir venstrevridd.

Vegen til folkeavstemminga har vore lang, og vart utløyst av at Scottish National Party (SNP) og Alex Salmond gjorde eit brakval i det skotske parlamentet i 2011.

Blant dei største problema for eit sjølvstendig Skottland er valuta og potensielt mykje gjeld som følger med frå Storbritannia.