– Dette er galskap

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg tek ikkje utfordringa. Dette er galskap, seier president Gard A. Bjørnstad i Norges Livredningsselskap, og ber folk vere forsiktig når dei vert utfordra på Facebook til å hoppa i havet.

I heile helga har det rasa ein Facebook-farsott som oppfordrar folk til å hoppa i havet innan 24 timar, og senda utfordringa til neste person.

LES OGSÅ: Badetrend breier om seg

Farsott i Noreg
Bjørnstad ynskjer ikkje å bremsa ønskjet til folk om å bade på våren, men kjem samstundes med ei åtvaring.

– Me synest det er fint at folk sym, og nyt vatnet. Men uerfarne bør ikkje la seg riva med av ein farsott, seier presidenten i Norges Livredningsselskap.

Han ber folk vere spesielt forsiktig når det er iskaldt og ein føler presset til å bada i vatn som kanskje har temperaturar på 5-10 grader.

– Du kan oppleve hypotermi og hjarteinfarkt ved å bada i isvatn, seier Bjørnstad.

LES OGSÅ: Badar for å visa at me viser alvor

Hypotermi er nedkjøling når kjernetemperatur går under 35 grader hos menneske.

Fagkoordinator Mats Melbye kjem med dette rådet:

– Det viktigaste rådet me kan gje er: Ikkje hopp rett ut i havet. Gå uti! Når du kjenner eller veit at du beherskar tilhøva og klarar å symja òg etter å ha fått hovudet under vatn, så er det berre å hoppa og kosa seg.

Faktaboks

Norges Livredningsselskap oppfordrar alle til å følgje badevettreglane:

1. Lær å symja.
2. Før du går uti vatnet, forsikra deg om at du kan koma deg opp att.
3. Bad helst saman med andre.
4. Stup berre der det er djupt.
5. Sym langs land.
6. Sym ikkje under brygger eller framfor stupebrett.
7. Dytt ikkje andre i vatnet, og dukk aldri nokon under vatn.
8. Hold deg på land viss du følar deg kald eller uvel.
9. Rop på hjelp berre viss du er i fare – aldri elles.