Dette er årets verste reklame

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Årets Gullbarbie blei i dag delt ut til Jack & Jones for kampanjen Fitness Club.

Kampanjen til Jack & Jones går i korte trekk ut på at menn som bruker kleda deira blir så attraktive blant damene at dei må koma seg i form. Dette blir gjort ved hjelp av treningsleksjonar gitt av ei svært lettkledd dame som poserer i ulike stillingar.

– Videoen viser ei haldning til kropp og sex som ikkje høyrer heime nokon stad, seier leiar i PRESS, Torunn Wigum Frøseth.

LES OGSÅ: Vil merke retusjert reklame

– Spel heller på lag med ungdommen
– Selskapa må ta større ansvar for den påverknaden dei har på oss. Idealet dei presenterer i dag er uoppnåeleg for dei aller fleste, og det blir opplevd negativt for mange barn og unge. PRESS meiner produsentane har hove til å spela ein positiv rolle, viss dei tør. Me ønskjer at denne bransjen skal marknadsføra seg med sunne modellar som gjenspeglar mangfaldet i befolkninga, og utan bruk av retusjeringsprogram og overdriven fokus på sex. Dette gir eit viktig signal til barn og unge om at det er greitt at me ser forskjellige ut, avsluttar Torunn Wigum Frøseth i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Unge vil ha reklame på norsk

– Arrogant haldning
PRESS seier dei sidan februar har forsøkt å laga ein avtale med Jack & Jones for å få til ein dialog rundt overrekkinga av prisen. PRESS meiner dette gjespeglar ein arrogant haldning i bransjen, etter at det same skjedde då Diesel vann Gullbarbien i fjor.

– Dei er ikkje mottakeleg for tilbakemeldingar frå barn og unge, sier Press-leiaren.

Jack & Jones tilbakeviser overfor Dagbladet.no at dei har nekta å stilla til mottakinga, men at tidspunktet passa dårleg for dei.

– Me skulle sjølvsagt ønskje at me ikkje var ein del av denne prisen. Kampanjen vår har vore ein stor suksess i mange land og det var vår oppfatting at dei aller fleste forstår at kampanjen spelar på humor og ironi. Det har sjølvsagt aldri vore eit ønskje om å støyta nokon eller framstå som eit dårleg forbilde. Om det er slik at me har støtt nokon, så vil me beklage dette, skriver Øyvind Hauge, Country Manager i Bestseller, til Dagbladet.

LES OGSÅ: 11-åringar treng hjelp til å takle spiseforstyrringar

Sjå reklamen under:

Kva synest du om reklamen?