Dette brureparet møtte kvarandre på føden

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka er henta frå Bømlo-Nytt

Eventyret som enda så fint i eit flott og romantisk bryllaup sist laurdag, starta som følgjande: Det var ein gong ein liten gut og ei lita jente som kom til verda på fødeavdelinga ved Haugesund sjukehus. Nærare bestemt i år 1991. 24. oktober vart Tordis Elen Lilleaas fødd av Halldis Torhild og far var Øivind Lilleaas. Dagen etter, 25. oktober, fødde Laila Bauge ein liten gut som skulle heita Steinar Bauge og faren heitte John Harald Bauge.

LES OGSÅ: – Heilt fantastisk å skriva bok ilag

Vart kjende på føden
Mødrene kom på same rom på fødeavdelinga med sine nyfødde. Dei kom i snakk og vart kjende etter kvart. Det same med fedrane.

– Ja, me vart kjende då konene våre låg på same rommet og eg hugsar godt at eg og Øivind Lilleaas stelte kvar vår baby attmed kvarandre på stelleborda. Så kom det ei barnepleiar og skulle visa oss korleis me skifta bleie, men det ho ikkje visste var at me allereie hadde born heime, fortel John Harald Bauge.

Laila Bauge fortel:

– Me var to mødrer med massevis av humor og det vart bestemt at borna sjølvsagt skulle få kvarandre når dei vart vaksne. Etter at me kom heim frå sjukehuset sende me julekort til kvarandre dei første åra. Men så vart det slutt på det etter kvart og me mista kontakten. Så kom Facebook på mote og me mødrene fann tilbake til kvarandre der og vart vener, seier Laila Bauge.

I 2012 ville ho feira at ho hadde budd i Norge i 30 år, og inviterte Halldis Torhild og Øivind Lilleaas frå Karmøy til festen deira på Langevåg. Då hadde borna deira blitt 21 år gamle.

– Sonen vår, Steinar Bauge var med på jubileet, men ikkje dottera deira, Tordis Elen Lilleaas. Då ringde far hennar og snakka eit par ord med henne før han heiv mobilen i fanget på guten. Han syntest dette var flaut, men dei avtalte eit møte. Dei hadde blitt nysgjerrige på kvarandre. 28. juli 2012 kom dei i lag og enden på dette eventyret er jo koseleg. Etter å ha vore sambuarar eit par år og nett blitt foreldre, ville dei gifta seg i sommar, seier Laila Bauge.

Då vart det både bryllaup og dåp i Bømlo kyrkje sist laurdag. Sonen Nichlas kom til verda 31. mai.

Ei rørande stund
Oppe ved alteret sat brudgom og forlovarar og venta i spenning. Så plutseleg, etter at kyrkjeklokkene hadde slått eit nærmast uendeleg tal slag, stilna det. Opp gjekk kyrkjedøra og inn kom brura arm i arm med far sin. Då Tordis Elen sette seg attmed forlovarane sine, fekk ho hjelp til å ordna slepet på kjolen. Då dei svarte ja på prestens spørsmål om å bli mann og kone, fekk dei ringane på plass og stod og heldt kvarandre i hendene. Så måtte dei kyssa kvarandre, så klart. Helst endå ein gong..

Familie og vener var rørte til tårer og det høyrdest snufsing rundt om i kyrkja på den store dagen.

Like etterpå var det klart for barnedåp. Dåpsfonten vart sett rett nedanfor trinnet opp til kyrkjeskipet. Fadrane og dei som skulle bera dåpsbarnet gjorde seg klare og presten skvetta nokre dropar vatn på hovudet til vesle Nichlas, med nokre ord med på vegen vidare i live, før han fekk lua på att.

LES OGSÅ: Kan noko vere så snill å ikkje svare meg på dette?

I kjærleikens teikn
Det vart eit staseleg bryllaup med mange råd om livslang kjærleik med på vegen frå sokneprest Aksel Lygre.

– I dag skal me feira kjærleiken! Kjære Tordis Elen og Steinar. No skal de lova kvarandre å bli gamle i lag, sjølv om de møttest ved fødsel, føydde han til på slutten. Så las soknepresten opp ein god del viktige punkt om korleis dei skal klara å halda kjærleiken varm gjennom eit heilt liv. I gode og vonde dagar.

– Me veks aldri frå behovet for å høyra at ein er elska frå ektefellen. Desse orda er superlim i samlivet. Gløym heller ikkje å klemma kvarandre minst tolv gonger om dagen. Kjærleiken ser, og behovet for å bli sett er viktig for både born og vaksne. Det formidlar aksept og varme. Ektefellane skal styrkja kvarandre sine sjølvbilete, var noko av det soknepresten trakk fram som viktig.

Mor til Brudgommen hadde òig nokre ord å koma med frå Bibelen på ein slik dag:

– Har eg tru og kan flytta fjell, men ikkje har kjærleik, har eg ingenting, las ho frå boka.

Brudeparet gjekk ut frå kyrkja og ved porten venta det som er ein tysk bryllaupsseremoni. Ein stor stokk med gummihanskar knytt på kvar side, låg over ein sagkrakk. Brura skulle saga over stokken. Fyrst med ei lita, ubeit sag, sidan fekk ho ei større og betre i hendene. Ved hjelp av brudgommen vart stokken til slutt saga over.

Det vart mykje fotografering utanfor kyrkja og gjestene gjekk til slutt ned for å ta kaffi i Langevåg Bygdatun og venta på at presten kom tilbake til festen, for han måtte ein tur til Bremnes for å via eit anna ektepar fyrst.