Dette blir hovudrutene mellom aust og vest

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bestemte vegen aust-vest

Onsdag leverte Vegvesenet ein rapport til samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen der dei anbefaler at E134 gjennom Buskerud og Telemark, over Haukeli og til Odda, får prioritet som ein av hovudvegane, saman med riksveg 52 over Hemsedalsfjellet. Det betyr at desse strekningane vil få både meir pengar, utbygging og trafikk dei komande åra, dersom departementet følgjer anbefalinga.

– Desse to hovudvegsambanda betener ulike område. Saman er dei pålitelege og gir mindre skadefare, seier fungerande vegdirektør Lars Aksnes.

Prioriteringa av desse to vegstrekningane er likevel dårleg nytt for dei to andre alternativa for ny hovudveg mellom Vestlandet og Austlandet, E16 over Filefjell og riksveg 7 over Hardangervidda.

LES OGSÅ: – Vil tena milliardar på ferjefri E39

Knyter seg til ferjefri E39
Ein framtidig ferjefri E39 har vore med på å underbyggje E134 som førsteval, opplyser Statens vegvesen.

– På bakgrunn av den samfunnsøkonomiske analysen føreslår vi ein langsiktig strategi der E134 blir gitt høgste prioritet. Med utbygging av ferjefri E39 mellom Stavanger og Bergen vil E134 kunne betene heile området mellom desse byane. Vi ønskjer ei utbygging av vegen på heile strekninga mellom Drammen og Haugesund, seier vegdirektør Lars Aksnes.

I utgreiinga frå Vegvesenet konkluderer dei med at E134 ikkje kan vere det einaste sambandet dei satsar på mellom aust og vest. Det er grunnen til at riksveg 52 over Hemsedal også skal satsast på.

– Vegen gir eit raskare samband mellom Oslo og Bergen og gir samtidig ei vidare utviklingsmoglegheit mot Sogn og Fjordane og Sunnmøre. Her føreslår vi også at ein greier ut ei ny bru på riksveg 5 for å erstatte ferjesambandet Fodnes – Mannheller, seier vegdirektøren.

LES OGSÅ: Elbilar er pengesluk for ferjeselskapa

Jubel i næringslivet i vest
Satsinga på E134 over Haukeli er heilt etter ønsket til næringslivet i Rogaland og Hordaland. Den nye vegen vil kunne gjere det mogleg å køyre mellom Haugesund og Oslo på fire timar, i staden for seks og ein halv time som i dag. Regiondirektør i NHO Rogaland Hallvard Ween er godt fornøgd med anbefalingane frå Statens vegvesen.

– Dette gjer meg veldig, veldig glad. No blir det kake og ny veg. Dette er ein stor dag. Eg kan vanskeleg sjå at samferdselsministeren kan oversjå desse klare anbefalingane, seier Ween til Stavanger Aftenblad.

Ei satsing på E134 over Haukeli er heilt i tråd med ønskja til næringsforeiningane både i Rogaland og Hordaland. I tillegg har NHO-kontora i Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane, Vest-Agder, Telemark, Østfold og Vestfold saman med LO jobba for desse hovudtraseane, opplyser Hallvard Ween i NHO Rogaland til avisa.

LES OGSÅ: Vil sjå på gratis buss og tog

Vegen vidare
Sjølv om Statens vegvesen no har kome med klare tilrådingar, er siste ord i vegdebatten likevel ikkje sagt. Før Samferdselsdepartementet gjer sitt val, står det att ein høyringsrunde der forsvararane av dei forsømde traseane truleg ikkje kjem til å halde stilt.

På vegen over Filefjell er det gjort store forbetringar, og det er lagt planar for meir. Samtidig er riksveg 7 over Hardangervidda ein populær sommarveg, der det allereie er gjort ei stor investering med bygginga av Hardangerbrua.

Utgreiinga frå Vegvesenet skal inngå som ein del av grunnlaget i arbeidet med ein ny revisjon av Nasjonal transportplan. Der skal det bli fastsett ein strategi for utviklinga av sambanda mellom aust og vest. (©NPK)

LES OGSÅ: Hamnar i bakevja med ferjefri E39