Det perfekte livet til andre kan gjera deg lukkeleg

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Facebook-lukke

Artikkelen var først hos Studvest, og er omsett til nynorsk av Framtida.no

Du opnar Facebook og scrollar gjennom statsuoppdateringane. Du ser at ein gamal skulekamerat har kjøpt seg hus, fått seg dame og ny jobb. Blir du glad på hans vegner, eller deprimert fordi du ikkje har dei same tinga?

– Det er gjort forsøk på positiv psykologi der dei kom fram til at når du tenkjer på dei positive tinga i livet ditt så blir du lukkelegare, og når du tenkjer på det negative blir du ulukkeleg. Slik er det litt med sosiale nettverk også, seier Jill Walker Rettberg, professor ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studiar ved Universitetet i Berge (UiB).

Du kan altså enda opp med å bli lukkeleg over å sjå skulekameraten din sine positive oppdateringar.

LES OGSÅ: Angst gjev ekstrem mobilbruk

Blir ikkje deprimert
Rattberg forskar på sosiale nettverk, og korleis ein uttrykker seg der. Ho fortel at inntrykket om korleis sosiale media påverkar oss, har endra seg.

– Før trudde ein at folk vart deprimerte av å sjå kor perfekte alle er rundt seg, men det stemmer ikkje heilt. På ein debatt hos Samfunnet var det ein student som fortalde at omtrent alle venene hans som hadde blitt igjen i bygda då han reiste til byen for å studera, var arbeidslause og posta berre negative ting. Han vart oppriktig lei seg av å sjå korleis dei hadde det, ikkje glad for at han hadde det betre enn dei, seier ho.

Påverkar sjølvtillit og humør
Cecilie Schou Andreassen er klinisk psykologispesialist ved Bergensklinikkane, og postdoktor ved UiB. Ho forskar mellom anna på sosiale media, og er oppteken av korleis dei legg til rette for lynrask og veldig synleg tilbakemelding frå eit hav av menneskjer.

– Sidan sosial samanlikning og tilbakemelding er viktige element i sjølvevaluering, er det derfor truleg at bruk av sosiale media påverkar det sosiale sjølvbiletet, sjølvtilliten og humøret – altså den psykiske helsa og det sosiale livet generelt, seier ho.

Om du får eit komplement frå ein kompis i ein kommentar vil det med andre ord vera like positivt for humøret ditt som eit komplement sagt fjes til fjes.

LES OGSÅ: Er app-tida over?

Lett å lika milepælar
Christi Elin Molvik Nedreås er masterstudent i digital kultur ved UiB. Ho gjer ein kvalitativ studie der ho ser på den visuelle sjølvpresentasjonen til ti småbarnsforeldre. Ho intervjuar dei, og ser på korleis dei presenterer seg sjølv visuelt på Facebook gjennom profilbilete, framsidebilete og anna bildeopplasting.

– På sosiale media er kommunikasjonen på mange måtar meir avgrensa, men ein har også fridomen til å polera signala ein sender og visa berre sine beste sider, seier ho.

Bileta som gir flest likes er dei frå ulike høgdepunkt i livet til den som publiserer det.

– Det er fordi det er noko som er lett å lika – å trykka på knappen kostar stort sett ikkje folk så mykje.

Forsking frå Universitetet i Rennes viser at personar som ønskjer seg fleire likes er mindre nøgd med liva sine.

LES OGSÅ: – Enklare å bruka samisk på sosiale medier

Generasjon sjølvi
Deling av bilete er noko som veks raskt, og som både sendarar og mottakarar brukar mykje tid på å skapa og lika. Det syner også i bruken, der Instagram og Snapchat for tida er dei to raskast veksande sosiale media (sjå graf).

– Det er meir og meir bilete no i forhold til for fem år sidan. Folk skildrar det som ei visuell endring i sosiale media. Det har med at me i mykje større grad har mobiltelefonar med kamera, seier Rettberg.

Sjølvi-kameraet gjer at ein sjølv kan bestemma korleis ein skal sjå ut på sosiale media. Sjølv om det også betyr at ein kan bli lei seg om ein ikkje får nok likes, meiner Rettberg sjølviar er positivt.

– Me har alle blitt tatt bilete av der me ikkje likar korleis me ser ut. Veldig mange som tek sjølviar føler sterkt at dei har tatt tilbake makta, og sjølv kan bestemma korleis dei vil framstillast.

SoMe3

Kjelde: Ipsos MMI. Illustrasjon: Robert Nedrefjord

Ser ikkje heile publikummet
Rettberg peiker også på det ho kallar «filter-bobla» som ein årsak til kvifor me trivst så godt i sosiale media. Gjennom algoritmar og eigne val endar me opp med ein nyheitsstraum som er tilpassa akkurat oss og det me likar, og som me også let oss lura av, sjølv om me veit betre.

– Me er klar over at andre leser det me skriv på Facebook. Eg hadde ein student som skreiv masteroppgåve der ho intervjua elevar frå vidaregåande om korleis dei brukte Facebook. Alle hadde mellom 400 og 500 vener, men når dei skreiv oppdateringar såg dei for seg dei nære venene sine som typisk er ti til tjue stykk. Dei var rasjonelt klar over at alle kunne lesa det dei skreiv, men dei tenkte berre på dei næraste venene – dei som pleier å kommentera.

Ifølgje Facebook sin marknadskonferanse (2012) når statusoppdateringa di berre ut til ti til tolv prosent av venene, så det er kanskje ikkje så dumt å tenka i den retninga. Problemet er at det også avgrensar tilgangen din til informasjon.

– Filter-bobla gjer at ein let vera å sjå verda frå andre sitt perspektiv. Om du leitar etter nye perspektiv finn du det, men det blir lettare å ikkje gjera det.

Ho forklarar at filter-bobla resulterer i ei polarisering av politisk debatt i sosiale media. Dei frå venstresida kjem mykje lengre vekk frå dei på høgresida, og omvendt.

LES OGSÅ: Kjærleik er ikkje lettare på nett

Dei «usynlege»
Masterstudent Molvik Nedreås meiner Facebook har eit stort usynleg publikum, som ikkje deler, og ikkje gir tilbakemeldingar. Dei berre er der og observerer.

– Nokon tenkjer nøye gjennom kva dei legg ut. Dei deler ikkje noko med mindre det verkeleg er bra, og dei er sikra ei rekkje likes og god respons. I hovudsak er eg ein av dei som sniker i kulissane og berre kiker. Eg er heilt klart innom Facebook kvar dag, men eg kjenner meg ikkje avhengig.

Alltid tilgjengeleg, ikkje alltid negativt
Nokon blir det likevel. Dei klarar aldri å logga av. Den danske forskaren Malene Charlotte Larsen meiner det ikkje er teknologien, men vanen som gjer ein avhengig. I Videnskab.dk samanlikna ho avhengigheit av sosiale media med den første kaffikoppen om morgonen. Er ein tom for kaffi vil ein sakna den på same måte som ein vil sakna venene sine om ein ikkje får vera på sosiale media.

Forskar Schou Andreassen meiner likevel at folk flest tek truleg ikkje reell skade av nettvanene sine. For studentar og dei i arbeidslivet er det derimot ein viktig plattform.

– I studie- eller arbeidssamanheng kan sosiale media til dømes gi moglegheit for auka samarbeid mellom kollegaer og studentar, til å læra teknologiske ferdigheiter, gi rask feedback, auka kreativitet og inspirasjon, auka produktivitet og vera ein stor ressurs i nettverksbygging i jakta på ei karriere.

Men for dei fleste av oss gir sosiale media ein ekstra glede eller sorg i kvardagen, avhengig av kva dei næraste venene våre deler og responsen me får frå dei. Og sjølvistanga, den blir nok her ei stund til. For er det éin ting som gir mange likes, er det eit gruppebilete.

LES OGSÅ: Sosiale media skremmer foreldra